Inger Hagerup fotografert i 1947.
Foto: NTB scanpix
Koritzinsky og Tiller nominertE
Dei no norske forfattarane som er nominerte til Nordisk råds litteraturpris 2018, er Roskva Koritzinsky med novellesamlinga Jeg har ennå ikkje sett verden og Carl Frode Tiller med romanen Begynnelser.
Namnet på vinnaren, som får 350.000 kroner, vert offentleggjort 30. oktober.
Ellingsen har tonesett Hagerup
I dag, fredag 23. februar, slepper musikar og komponist Haakon Ellingsen den digitale singelen «Kjærligheten skal også dø». Han har tonesett diktet, som er henta frå Inger Hagerups diktsamling Den syvende natt frå1947.
– Inger kunne vere mørk, svært mørk, og heldigvis lite sentimental, seier Haakon Ellingsen. i ei pressemelding
Singelen vert òg med på albumet Blåbær, som kjem ut i august. Der er til saman fem dikt av Inger Hagerup tonesette i tillegg til andre låtar av Haakon Ellingsen.
nominASJONAR til Ibsenprisen
Juryen for den nasjonale Ibsenprisen har nominert tre dramatiske tekstar til Ibsenprisen 2018. Dei tre er Å telle til null av Kristofer Blindheim Grønskag, Solveigs 2. sang av M.H. Hallum og Korps av Knut Nærum.
Juryen som har lese 50 manuskript i ulike sjangrar, er samansett av representantar frå Norsk kritikerlag, Norsk dramaturgforum, Norsk Sceneinstruktørforening, Norsk teaterlederforum, KHIO og Teater Ibsen. Den nasjonale Ibsenprisen vart oppretta av Skien kommune og delt ut første gongen i 1986. Namnet på vinnaren vert offentleggjort under ein festkveld på Ibsenhuset onsdag 21. mars. Prisen er på 150.000 kroner og ein statuett laga av Nina Sundbye.
tiril@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Koritzinsky og Tiller nominertE
Dei no norske forfattarane som er nominerte til Nordisk råds litteraturpris 2018, er Roskva Koritzinsky med novellesamlinga Jeg har ennå ikkje sett verden og Carl Frode Tiller med romanen Begynnelser.
Namnet på vinnaren, som får 350.000 kroner, vert offentleggjort 30. oktober.
Ellingsen har tonesett Hagerup
I dag, fredag 23. februar, slepper musikar og komponist Haakon Ellingsen den digitale singelen «Kjærligheten skal også dø». Han har tonesett diktet, som er henta frå Inger Hagerups diktsamling Den syvende natt frå1947.
– Inger kunne vere mørk, svært mørk, og heldigvis lite sentimental, seier Haakon Ellingsen. i ei pressemelding
Singelen vert òg med på albumet Blåbær, som kjem ut i august. Der er til saman fem dikt av Inger Hagerup tonesette i tillegg til andre låtar av Haakon Ellingsen.
nominASJONAR til Ibsenprisen
Juryen for den nasjonale Ibsenprisen har nominert tre dramatiske tekstar til Ibsenprisen 2018. Dei tre er Å telle til null av Kristofer Blindheim Grønskag, Solveigs 2. sang av M.H. Hallum og Korps av Knut Nærum.
Juryen som har lese 50 manuskript i ulike sjangrar, er samansett av representantar frå Norsk kritikerlag, Norsk dramaturgforum, Norsk Sceneinstruktørforening, Norsk teaterlederforum, KHIO og Teater Ibsen. Den nasjonale Ibsenprisen vart oppretta av Skien kommune og delt ut første gongen i 1986. Namnet på vinnaren vert offentleggjort under ein festkveld på Ibsenhuset onsdag 21. mars. Prisen er på 150.000 kroner og ein statuett laga av Nina Sundbye.
tiril@dagogtid.no
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?