Kulturhistorisk gåvepakke
Ørnulf Hodne er best på kyrkje- og kulturhistorie, ikkje samtidskultur.
Venabygd kapell på Venåbygdsfjellet.
Foto: Halldis Myhre Tvete
Historie
Ørnulf Hodne:
Påskefeiring i Norge. Kirke, folketro og folkelige skikker
Novus forlag 2018
Påskefeiring i Norge. Kirke, folketro og folkelige skikker er den førebels siste boka til folklorist og kulturhistorikar Ørnulf Hodne om norske høgtider og tradisjonar. Boka er ei nyutgjeving av boka Påske. Tradisjoner omkring en høytid som kom ut første gongen i 1988. Den oppdaterte boka tel nokre fleire sider enn førsteutgåva, men hovudstrukturen frå første utgåva er ført vidare i den nye.
Formelen
Først gjennomgår Hodne den kyrkjehistoriske og kulturhistoriske bakgrunnen for påskefeiringa i Noreg. Deretter tek han lesaren med på ein kronologisk presentasjon av den kyrkjelege og folkelege feiringa av påska: fastetida og fasteskikkane, den stille veka med palmesundag, skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan og første, andre og tredje påskedag. Dei tre siste hovudkapitla tek høvesvis for seg «Værtegn», «Påsken i våre dager» og til slutt «Fjellpåske». Bortsett frå nokre enkeltståande tematiske tillegg i form av underkapittel er både innhald og struktur i dei to bøkene like. Størst revidering har nok dei to siste kapitla gjennomgått der nye tema som mangfald og internasjonalisering og kyrkjeleg omsorgsarbeid knytt til påskeferien har fått plass. Utvida plass har òg dei typiske fjellutfluktene i påska fått, belyst frå både eit kyrkjeleg perspektiv med aktiviteten til fjellkyrkjene, og eit folkeleg der særleg skisporten står sentralt.
Ørnulf Hodne følgjer ein kjend og godt innarbeidd formel som plasserer bøkene hans godt oppe på salslistene: eit vekslande perspektiv på kyrkjelege og folkelege tradisjonar knytt til eit tema og stabilitet og endring over tid. Påskeboka er den siste i ei lang og imponerande rekkje av bøker om norske høgtider og tradisjonar frå hans hand. Dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd, i tillegg til jul og nettopp påske, er alle høgtider som er vortne detaljert skildra og behandla i populariserte verk. Legg vi til alle temabøkene han har skrive om livsfasar (barndom, ungdom, vaksen), friluftsliv, folkeskulen, norsk forteljingstradisjon, folkeminnesamlarar, magi, trolldom og folketru, i tillegg til mykje anna, kan vi trygt kåra Ørnulf Hodne til ein einar som populærformidlar av norsk kulturhistorie.
Samtida
Med ein tidshorisont som strekkjer seg frå norrøn tid til i dag, gjer boka tydeleg både dei store skilnadene i påskefeiringa i dei ulike tidbolkane og kva for kyrkjelege og folkelege element som har vore meir stabile. Ikkje overraskande finn Hodne kontinuiteten særleg i kyrkja og i forkynninga av påskebodskapen. Der døma er rikast og mest inngåande, er der tradisjonar og skikkar frå 1800- og tidleg 1900-talet er skildra. Dette må òg seiast å vera Hodnes kjerneperiode, og det er òg frå denne perioden det finst flest skriftlege kjelder. Tilfanget frå dei mange folkeminnesamlarane i denne tida, som vart trykte jamt og trutt i skriftserien til Norsk Folkeminnelag frå 1920, er det empiriske grunnlaget frå denne perioden, og dette materialet er både variert, detaljert og geografisk spreidt. Derimot er den moderne påska mindre belagt. Kjeldegrunnlaget er tynnare og hadde tent på eit supplerande materiale om nyskapte påskeskikkar som til dømes påskehareskikken og barnehagebarns jakt på gøymde egg.
Det er ikkje i skildringane av samtidskulturen Hodne er best, men som ei instruktiv innføring i den norske påskefeiringas kulturhistorie er boka solid, og ho rettar seg mot eit allment interessert publikum. Ein kan lesa boka som ei samanhengande kulturhistorie eller bruka henne som «oppslagsverk» om ein er spesielt interessert i nokre av påskedagane eller tradisjonane. Og nettopp slik har dei mange bøkene Ørnulf Hodne tidlegare har skrive, òg vorte brukte: som kulturhistoriske gåvepakker til historieinteresserte nordmenn.
Ane Ohrvik
Ane Ohrvik er folklorist ved Universitetet i Oslo.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein kan lesa boka som ei samanhengande kulturhistorie.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.