Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Kunst landet rundt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå utstillinga til Vanessa Baird på Kunstnernes Hus.

Foto: Anders S. Solberg

3716
20171117
3716
20171117

«Kunsthåndverk 2017»

Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Trondheim

14. oktober – 3. desember 2017

Den årlege juryerte utstillinga til Norske Kunsthåndverkere vert i år vist ved Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. Stormønstringa med heile 75 verk har eit stort spenn i teknikk og materialar, og gir god oversikt over kva som rører seg i fagfeltet. Nytt av året er at fleire større verk i keramikk er sette inn i to av dei faste utstillingane – to kontorinteriør spesialdesigna for museet av Henry van de Velde og Finn Juhl. Desse tidsmøta skaper ei oppleving av kontinuitet så vel som brot.

«I Craft, I Travel Light»

Samisk senter for samtidskunst, Karasjok

22. oktober – 3. desember

Dette er siste høve til å sjå den omfattande vandreutstillinga I Craft, I Travel Light. Utstillinga opna i Arkhangelsk i Russland oktober 2016 og har vandra via Murmansk og Tromsø til Karasjok. Utstillinga viser samtidskunst av samiske, nenetsiske, russiske og norske kunstnarar. Temaet er korleis den tradisjonelle livsstilen vert trua av moderne påverknad. Verka er inspirerte av og heidrar den rike estetiske tradisjonen til urfolk i nordområda og evna til å nytte naturlege materialar frå Barentregionen.

Vanessa Baird,
«You are something else»

Kunstnernes hus, Oslo

10. november 2017 –
28. januar 2018

Baird har laga ein storslått installasjon spesielt for Kunstnernes Hus. Overlyssalen er fylt med teikningar frå tak til golv. Baird har bygd opp eit uhyggeleg univers i ein sterkt personleg stil, dynka i svart humor. Her møter vi sterke tema. Lange remser er tettpakka med skildringar av flyktningkrisa i Europa, og scener som meir enn antydar seksuelle overgrep. Teikningane viser skapnader frå eventyr og barne-TV, fragment frå nyhende og Bairds eigne, private bilete. Komposisjonane er av høg estetisk kvalitet. Det er kanskje derfor vi orkar å ta inn over oss det sterke innhaldet.

Chiharu Shiota, «Direction»

KODE 2, Bergen

27. oktober – 1. april 2018

Den vidgjetne japanske kunstnaren Chiharu Shiota er kjend for dei store og sanselege installasjonane ho byggjer opp av illraude trådar. No fyller ho den nye Stenersensalen i KODE 2 med fleire hundre kilometer med tråd. Ho har bygd opp store og luftige flettverk kring gamle vestlandsbåtar, som tilbyr sjåaren ei poetisk reise gjennom framande farvatn.

Ørnulf Opdahl, Vintersolverv

KUBE, Ålesund

28. april – 31. desember

Den retrospektive utstillinga vert vist i alle dei tre etasjane i museet. Her får vi innblikk i dei ulike kunstnarlege retningane Opdahl fordjupa seg i frå 1960 til i dag. Det vert vist fleire verk som sjeldan er stilte ut tidlegare.

Skiptvet – landbrukshistorier 2013–2018

Galleri F15, Moss

21. oktober – 17. januar 2018

I galleri F15 møtest kunst og landbruk. Utstillinga viser resultata av eit stort prosjekt utvikla i eit samarbeid mellom åtte kunstnarar og åtte gardar i Skiptvet i Indre Østfold. I F15 møter vi landbruksspørsmål og -historier gjennom videoverk, foto og installasjonar. I tillegg til utstillinga er det laga ein podkast om folk og dyr i Skiptvet.

I utlandet

Store spejl på væggen der!

Museum of Modern Art,
Ålborg i Danmark

Til 8. april 2018

Dette er ei gruppeutstilling som set sjåaren i hovudrolla – verka fungerer berre når du sjølv går inn i dei. Her kan du svinge over eit uendeleg univers på ei disse. Du mister fotfestet, blir lurt av optiske illusjonar, set deg på køyrande benkar og mykje anna som du sjeldan får lov til å gjere på kunstutstilling. Her er verk av dansk og internasjonal samtidskunst med spegelen som hovudtema: Kva skjer når vi ser oss sjølve i eit uendeleg perspektiv? Kan hende du mister orienteringsevna eller får auge på deg sjølv saman med andre på ein ny måte?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis