Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Kunst landet rundt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2778
20181102
2778
20181102

Aslaug M. Juliussen: «Skjæringspunkter»

Nordnorsk Kunstmuseum

20. oktober–31. mars 2019

Skjæringspunkter er den største og mest omfattande presentasjonen av Aslaug M. Juliussen som har vore laga. Her får vi innblikk i eit førti år langt kunstnarskap som framleis er vitalt og aktivt. Juliussen legg stor vekt på materialet ho vel ut for kunstverket. Her møter vi verk av tekstil og tråd, også skinn, horn, hår, stål, glas og bein.

Fleire av verka er sette saman av klauver, horn og andre kroppsdelar av reinsdyr. Mellom anna problematiserer ho kor stor avstand vi moderne menneske har fått til naturen og kroppen, og ikkje minst til døden.

I tillegg til Juliussens kunst vert det presentert verk av sju norske og utanlandske kunstnarar som anten har inspirert eller har fellestrekk med ho.

Marte Johnslien: «A Square on a Sphere»

Lillehammer Kunstmuseum

20. oktober–24. februar

Marte Johnslien (f. 1977) utforskar sider ved naturvitskap, religion, politikk og historie gjennom kunstnarlege metodar. Hol legg særleg vekt på problemstillingar innanfor matematikk: Korleis kan røyndomsforståing omsetjast til romlege strukturar? Utstillingstittelen A Square on a Sphere speler nettopp på at det er uråd å overføre ein todimensjonal firkant til ei tredimensjonal kule.

Uttrykksformene spenner frå skulptur, måleri og keramikk til installasjon, arkitektur og foto.

Siv Bugge Vatne

Møre og Romsdal Kunstnersenter, Molde

18. oktober–17. november

Siv Bugge Vatne stiller ut verk i blanda teknikkar, skulptur og installasjon. Ho er kjend for uventa former, som ikkje er utan lågmælt humor. Det leikne vert kombinert med alvor. Ofte svever formene like over golvflata, eller er balanserte oppå kvarandre på halsbrekkande vis. Dei mange variantane av former som trassar naturkreftene i strevet med å løfte seg opp, har ein inspirerande vitalitet. Ein er alltid litt meir optimistisk når ein går ut frå utstillingane hennar.

Marius Martinussen

KHÅK Kunsthall, Ålesund

3. november–2. desember

Marius Martinussen er kjend for store måleri i ein glatt stil med usynlege penselstrøk. Her er linjene skarpe og motiva abstrakte. Utstillinga i Ålesund er utført i gneistrande fargar og kan gje assosiasjonar til lysskilt og graffiti, så vel som naturelement og lysfenomen på himmelkvelven.

Marianne Berg og Marianne Broch: «Ekko / Innover»

Skulpturar

Hå gamle prestegard

13. oktober–11. november

I utstillinga Ekko / Innover har Marianne Berg og Marianne Broch verk som dannar ein interessant dialog. Marianne Berg (Ekko) viser skulpturar i materiale som tre, kunstharpiks, betong og bronse. Marianne Broch (Innover) skaper verk ved hjelp av fysisk kraft og materiale frå naturen, hovudsakleg tre. I verka hennar ser vi korleis ho arbeider seg innover i treet, til kjernen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis