Kunst landet rundt
Eli Hovdenak.
Eli Hovdenak, «Grafikk»
2. desember 2017 – 4. februar 2018
Nils Aas Kunstverksted
Eli Hovdenak (f. 1956) er kjend for underfundige skråblikk på livet. Ho har ein særprega strek som skildrar scener ein kan kjenne seg att i.
Lars Lerin
Galleri NordNorge, Harstad
25. november 2017 – 20. januar 2018
Denne svenske kunstnaren (f. 1954) er kjend for akvarellar i ein lett og skisseaktig stil. I perioden 1988–2000 budde han i Lofoten. Utstillinga viser heile 61 verk, fleire av nordnorske fiskevær og kystlandskap.
Marina Abramovic, «The Cleaner»
Henie Onstad Kunstsenter
24. november 2017 – 11. mars 2018
Den kjende amerikansk-serbiske kunstnaren Marina Abramovic (f. 1946) viser si hittil største utstilling i Noreg. Ho er mest kjend som performancekunstnar og for iscenesettingar i galleria som publikum kan ta del i. Gjennom kunstnarskapet har ho vist ein skremmande stor vilje til å utsetje seg for fare – og for smerte.
Utstillinga viser dokumentasjon frå performancar, i tillegg til måleri, filmar og installasjonar. I tillegg vert fleire av dei kjende performance-verka hennar oppførte gjennom heile utstillingsperioden, der innleigde kunstnarar tek rolla til Abramovic. Desse er vel verde å få med seg – følg med på nettsidene til museet.
Charlotte Prodger, «BRIDGIT / Stoneymollan Trail»
Bergen Kunsthall
3. november 2017 – 7. januar 2018
Skotske Charlotte Prodger (f. 1974) viser to filmar. «BRIDGIT» er filma med ein iPhone og viser korleis telefonkameraet vert opplevd som ei forlenging av kroppen og nervesystemet. «Stoneymollan Trail» tek føre seg korleis vi strever med å handtere alt materialet som til saman utgjer liva våre: Alt vi har sett, lese og opplevd, det vi har fått, og det vi har mista.
I utlandet
Den moderna kvinnan
Millesgården, Lidingö nord for Stockholm
Fram til 25. februar 2018
Fire av dei største finske modernistiske målarane er samla i ei unik utstilling. Her møter vi dei djuptgåande og koloristisk velklingande sjølvportretta til Helene Schjerfbeck, dei fargerike tresnitta til Ellen Thesleff, dei delikate landskapa til Sigrid Schauman og dei kraftfulle, ekspressive portretta til Elga Sesemann. Verka avspeglar ein spennande og turbulent periode, der kunstnarar verda over fann fram til ein ny og uavhengig kunstnaridentitet, personleg så vel som kulturell. Desse fire målarane spelte ei avgjerande rolle i den finske kunsthistoria frå slutten av 1800-talet og utover 1900-talet.
Joel Meyerowitz, «Why Color?»
C/O Berlin
9. desember 2017 – 11. mars 2018
Parallelt med utstillinga til Torbjørn Rødland viser C/O Berlin ei stor retrospektiv utstilling av amerikanske Joel Meyerowitz (f. 1938). Han var ein av få kunstnarar som eksperimenterte med fargebilete på sekstitalet, i ei tid då fargebilete framleis vart rekna som vulgært, og så godt som alle kunstfotografar svor til svartkvitt. Fleire av dei tidlege verka er stilte ut parvis, eitt i farge og eitt i svartkvitt. Det er fascinerande å sjå bileta saman. Tekne med få sekunds mellomrom får dei også endringar i motiva.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»