Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Kunst landet rundt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2742
20181130
2742
20181130

Jone Skjensvold – Portraits of the sun | Simple rules

Kunstbanken, Hamar

3. november–30. desember

Jone Skjensvold viser to seriar med måleri som er inspirerte av naturen utanfor atelieret ytst i havgapet på Stad. Motiva er forenkla til enkle, presist utforma geometriske former. Her er fargen i hovudsetet, finstemde skildringar av atmosfærisk lys. I serien Simple Rules utforskar han romverknader med overlappande transparente fargeflater.

Vanessa Baird & Mette Hellenes

Stenersensalen i KODE 2, Bergen

9. november–3. februar

Utstillinga er todelt. I den eine salen har Vanessa Baird kledd veggane med sterke skildringar av baksida ved samfunnet vårt. Den teikna installasjonen «You Are Something Else» viser brutale overgrep, flyktningar som druknar, alt fletta inn i symbol og bilete frå populærkulturen.

I resten av utstillinga vert vi nærare kjende med universet som Baird har bygd opp saman med Mette Hellenes. Her er satireteikningar frå teikneserien Kebbelife, som sparkar mot kunstmiljø og kunstpolitikk, og illustrasjonar frå dei nyaste bøkene deira.

Parabiose

Hå gamle prestegard, Nærbø

17. november–6. januar

Gruppeutstilling: Sverre Malling, Tanja Thorjussen, Johannes Høie, Gry Hege Rinaldo, Harald Lien, Danny Larsen og Tom S. Kosmo

Dei sju kunstnarane har arbeidd mot utstillinga over lang tid. Resultatet har blitt frodig. Temaet er parabiose, eit omgrep som vert nytta om organismar som lever tett saman med andre planter og dyr. Kunstnarane har sett på samhandling i naturen, òg mellom menneske og natur. Kvar går grensa mellom samhandling og snylting, og når er forholda til gjensidig nytte?

Jakob Weidemann

Sørlandets Kunstmuseum, Kristiansand

17. november–24. mars

Utstillinga er ein brei presentasjon av Jakob Weidemann, som er rekna som pioneren for utforminga av det abstrakte måleriet i Noreg. Her får vi sjå nye sider ved kunstnaren. Utstillinga syner mellom anna ei rekke tidlege og meir ukjende måleri frå førti- og femtitalet. I desse tiåra utforska han rammene for det moderne måleriet og la fundamentet for dei uttrykksfulle abstrakte naturstemningane han vart så kjend for.

Ina Otzko:
«Jeg er her, kan du føle det?»

Bodø Kunstforening

10. november–23. desember

Gjennom installasjon, skulptur, video og foto utfordrar Otzko oss til å kjenne på evna til å føle nærvær, å vere til stades i eige liv, og gjennom dette kjenne på ansvaret vi har. Delar av utstillinga tek føre seg vulkanen Solfatara vest for Napoli. Han er sovande, men rumlar og spyr ut svoveldamp. Solfatara er ein kjend turistattraksjon og ligg endåtil kloss inntil ein by. I utstillinga vert vulkanen symbol på den sårbare balansen mellom forsvarleg forvalting av naturen og det aukande presset på dei same ressursane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis