Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Kunst landet rundt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Katrine Giæver: «Collected Colors #6», 2017

3327
20180112
3327
20180112

Katrine Giæver: «Dip» og Stein Rønning: «Speil»

23. november 201720. januar 2018

Galleri Riis, Oslo

Stein Rønning har vidareutvikla ein skulptur han laga for snart tretti år sidan, og laga ein serie på 25 skulpturar som er vel verde å dvele ved.

Katrine Giæver viser abstrakte måleri og tekstilar. Kunstnarskapet er prega av livlege og kraftfulle fargekomposisjonar. Det er fengslande å sjå korleis ho utforskar samansetninga av fargeflater gjennom ulike teknikkar og material. Bileta spenner frå det sterkt kontrollerte til det meir improviserte.

Lisa Torell, «Potential of the Gap»

12. januar 201811. februar 2018

Nordnorsk Kunstmuseum, Tromsø

Svenske Lisa Torell (f. 1972) arbeider med konstruksjonsbaserte tolkingar av byrommet. No har ho laga ei utstilling særskilt for Nordnorsk Kunstmuseum. Mellom anna har ho lagt eit fortau av asfalt gjennom utstillingslokalet. Med dette spør ho kvifor vi tek det som ei sjølvfølge at funksjon skal kunne overstyre estetikk. Legg vi i det heile legg merke til omgjevnadene våre?

James Turrell: «Hardanger Skyspace»

Tre dagar i veka, året rundt

Kunsthuset Kabuso, Øystese

Den amerikanske lyskunstnaren James Turrell har laga permanente lysinstallasjonar verda over, kvar og ein spesielt utforma for staden. Hardanger Skyspace er berre open i samband med soloppgang og solnedgang nokre dagar i veka. Innvendig er det benkar, og ein times tid kan du sjå opp mot den store opninga i taket og nyte korleis tusenvis av LED-lys smeltar saman med dagslyset i storslagne illusjonar. Lysinstallasjonen endrar karakter etter årstid og klimatiske tilhøve. Såleis vert alle framsyningar forskjellige.

Du finn opningstidene på nettsida hardangerskyspace.no.

«Bending the Frame»

15. oktober 20174. mars 2018

Preus museum, Horten

Korleis kan bilete utgjere ein forskjell? Internett og sosiale medium har ført til at nyhende, meiningar og fotografiske uttrykk vert spreidde på nye måtar og tek nye former. Utstillinga Bending the Frame utforskar rommet mellom dokumentar- og kunstfotografi, og stiller mellom anna spørsmål ved om kunsten har overteke rolla som kritisk stemme i samfunnsdebatten.

I tillegg til det som er vist i museet, er plakatutstillinga #WomenMatter av #Dysturb klistra opp i gatene i Horten.

Kristin Tårnesvik: «Feltarbeid»

7. desember 201725. februar 2018

Ä’vv Skoltesamisk museum, Neiden

Det vesle museet Ä’vv opna i juni 2017. Dette er eit historisk museum med eitt areal for skiftande utstillingar. For tida viser dei ei utstilling av Kristin Tårnesvik (f. 1964). Kunstnaren er frå Kåfjord i Nord-Troms, men bur og arbeider i Bergen. Utstillinga består av tjue penneteikningar av linjalrette linjer i ulike retningar. Dei er sette saman til eit monumentalt verk, der strekane frå kvar teikning glir over i dei kringliggande arka. Saman dannar teikningane eit bølgande rytmespel.

Sverre Bjertnæs og Bjarne Melgaard: «Nye grafiske arbeider»

14. januar25. februar 2018

Galleri Ismene, Trondheim

Sverre Bjertnæs og Bjarne Melgaard viser heile fire utstillingar ulike stader i januar. I Galleri Ismene stiller dei ut så mange som 50 grafiske verk som dei har skapt i fellesskap. Verka er figurative, smidde saman av dei uttrykksfulle, brutale formene til Melgaard og dei meir klassisk orienterte teikningane til Bjertnæs i tynne, sikre linjer.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis