Kunst landet rundt
Robert Johansson: «Mikado»
20. november 2017–31. mars 2018
Nordnorsk Kunstnersenter, Jernbaneparken på Mo
«Mikado» er det første av ein serie prosjekt som Nordnorsk Kunstnersenter har planlagt i Mo i Rana i 2018 og 2019. Tittelen viser til spelet der ein skal plukke vekk ein og ein av dei tynne trepinnane utan å lee på dei andre. Versjonen til Johansson strekker seg fem meter i høgda og er følgjeleg uråd å leike med. I staden kan ein grunne over kvifor kunstnaren har valt nett dette uttrykket for Mo i Rana. Ein kan til dømes starte med å sjå på våpenskjoldet til byen.
Thomas Kilpper:
«Atlantic Footprints»
27. oktober 2017–8. april 2018
Haugesund Billedgalleri
Thomas Kilpper (f. 1956) er internasjonalt kjend for tresnitt som er skorne i sjølve golvflata. I Haugesund Billedgalleri har han utforma golvet i Grafikksalen. Dette vert ei fast utsmykking. I utstillingsperioden er motiva overførte til papir og lerret og montert på veggar og tak. Motiva spenner frå historia til bildegalleriet til samfunnsspørsmål, lokalt så vel som globalt.
Oddvar I.N. Daren: «Lokalt Land»
10. februar–6. april
Kunsthall Trondheim
«Lokalt Land» viser arbeid av Oddvar I.N. Daren gjennom 40 år, inkludert eit nytt verk produsert spesielt til utstillinga. Daren er særleg kjend som ein av våre første prosess- og konseptkunstnarar på 70- og 80-talet. Daren arbeider med poetiske, stillferdige undersøkingar av landskap og naturfenomen, ikkje utan eit lite smil om munnen.
«Hen – flytende kjønn»
27. januar–6. mai
Haugar Vestfold Kunstmuseum, Tønsberg
Gruppeutstillinga er smekkfull av spennande kunstnarnamn. Tema for utstillinga er korleis spørsmål kring det «flytande kjønnet» vert synleggjorde gjennom samtidskunsten. Utstillinga utfordrar stereotypiane kring det mannlege versus det kvinnelege, og det biologiske versus ei kulturelt tinga oppfatning av kjønn.
Emilija Škarnulyte: «Mirror Matter», «Sirenomelia», «Aldona»
13. januar–25. februar
Kunstbanken Hedmark Kunstsenter
Emilja Skarnulyte (1987) arbeider i grenselandet mellom fiksjon og røyndom og fører oss inn i underlege, gjerne skremmande miljø. Kunstbanken viser tre filmar. Mirror Matter (2017) er ein poetisk fabel om korleis universet på nytt vert skapt gjennom moderne vitskap. I Sirenomelia (2017) følger vi ei havfrue som vitjar ein nedlagd arktisk marinebase. Aldona (2015) handlar om bestemor til kunstnaren, som vart blind etter Tsjernobyl-ulykka i 1986. Den litauiske filmskaparen bur og arbeider i Tromsø og Berlin.
Susanne Kathlen Mader:
«Farge underveis»
27. januar–25. februar
KHÅK Kunsthall / Aalesunds Kunstforening
Susanne Kathlen Mader viser fargesterke måleri, grafikk og installasjon. Vegginstallasjonane er kjende for store geometriske former som vert sette opp mot tynne linjer og skulpturelle, tredimensjonale former. Verka er abstrakte, utan attkjennelege motiv.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?