Den gløymde målaren
Det var to polar i Aksel Waldemar Johannessens liv: fattigdommen i Oslo og idyllen i Asker.
«Drankerfamilien».
Foto av kunsten: Trond W. Andersen
KUNST
Aksel Waldemar Johannessen – En unik kunstnerskjebne i Oslo
Blomqvist 11.08–27.08
Haakon Mehren har gjort ein stor innsats med å henta fram kunsten til Aksel Waldemar Johannessen, ein målar som etter sin død i 1922 har vorte heilt gløymd. Oppvaksen på den gong fattigslege Hammersborg i Oslo, og etter kunstutdanning og ein periode på Gjøvik som kunsthandverkar, kom han attende til Oslo i 1912, 32 år gamal. Han stifta Heimen husflid saman med kona, Anna, som var ein del av krinsen kring Hulda Garborg, Kristoffer Updal og Det norske teatret, der han designa kostyme og bunader. Då byrja han å måla, men utan å stilla ut, og utan å tilhøyra dei vanlege kunstnarnettverka. I 1922, etter at kona fekk kreft, drakk han seg i hel. Då arrangerte kona ei minneutstilling hos Blomqvist. Edvard Munch og Jappe Nilsen vart imponerte. Fleire bilete vart selde, men resten forsvann. Og dinest gløymsle.
Funn i ein låve
Så, i 1991, får Mehren greie på at det ligg mange Aksel Waldemar Johannessen-bilete stuva vekk på ein låve i Bærum. Desse, saman med mange andre, alt i alt 80 målarstykke, fekk Mehren restaurert. Han arrangerte fleire Aksel Waldemar Johannessen-utstillingar i Noreg, men òg i utlandet, til dømes i Mantova i Italia, der over 200.000 kom for å sj bileta. Mehren har dessutan gjeve ut to bøker om målaren, der den siste handlar om strevet med å få sett Aksel Waldemar Johannessen på ein rettkomen plass i kunsthistoria.
I boka vert det fortalt ei fæl historie om gamalt agg og prestisje. I samband med den første utstillinga fekk Nasjonalgalleriet tilbod om å kjøpa, men direktøren, Knut Berg, karakteriserte bileta som søppel. Seinare, dersom vi skal tru kjeldene, ringde han til Nasjonalgalleriet i Berlin og truga med at dei aldri ville få låna bilete frå det norske nasjonalgalleriet dersom dei stilte ut Aksel Waldemar Johannessen. Kvifor? Her finst det fleire hypotesar, men ingen av dei kan etter mitt syn innehalda overtydande kunstfaglege grunnar. Berg er no død, men nasjonalgallerimiljøet vil framleis ikkje ha noko med Aksel Waldemar Johannessen å gjera. Dagens Blomqvist-utstilling er såleis ledd i ein framstøyt frå Mehren for at Oslo kommune skal ta imot – gratis – bileta og innlemma dei i Rolf Stenersen-samlinga. Ein god idé.
Tydeleg identitet
Kva slags bilete er så dette? Éi forklaring på kvifor Aksel Waldemar Johannessen sjølv ikkje stilte ut bileta, kunne vera at han meinte at han enno var for påverka av andre målarar som lokka han ut i ulike, sprikande retningar: Munch, Picasso, Degas. Men det i seg sjølv er i alle fall ikkje kritikkverdig. Stravinskij utforska samstundes mange ulike musikkstilar, som han laga flotte pastisjar innanfor. Aksel Waldemar Johannessens pastisj på Munchs tømmerhoggarbilete kunne Munch knapt gjort betre sjølv. Hovudinntrykket på denne utstillinga er tvert imot ein tydeleg identitet, som skil Aksel Waldemar Johannessen frå andre norske målarar.
Dette er ein ekspresjonist meir i slekt med dei tyske ekspresjonistane i Die Brücke, som til dømes Nolde, slike som med grov fargebruk og primitivt stygge, flate former seinare, på 30-talet, av nazistane vart klassifiserte som «entartet». Munch kunne nok vera ekspresjonistisk, men lét for det meste akademiske art nouveau-former halda fast skrika. Andre samtidige norske målarar, som Matisse-elevane Heiberg, Eriksen og Sørensen, eller Nikolai Astrup, står fjernt frå dette. Ingen av desse hadde – eller synte – kjensler som Aksel Waldemar Johannessen.
Kunsthistorikar og professor Øivind Storm Bjerke seier då også: «Han fremstår som det manglende mellomledd mellom århundreskiftets romantikk og ekspressive tendenser og 1930-tallets fornyede interesse for ekspresjonistiske ytringsformer i norsk maleri.»
Frå skuggesida
Også tematisk skil Aksel Waldemar Johannessen seg ut, der han avbildar arbeidarar frå livets skuggeside. Ein kan samanlikna med nokre seinare norske «arbeidarmålarar» som Reidar Aulie og Arne Ekeland: Dyktige som dei var, vert arbeidarane der likevel framstilte på eit «kunstig», stilisert vis, nærast som heltar, med innebygd allvise, passande for medlemskap i proletariatets diktatur. Hos Aksel Waldemar Johannessen, derimot, har fattigdom og drikk øydelagt arbeidarane. Desse folka er skremmande stygge. Dei har vorte realistiske karikaturar.
Skilnaden kan ha samanheng med at Aksel Waldemar Johannessen har ein annan erfaringsbakgrunn enn akademimålarane. Han kom frå eit fattig arbeidarmiljø, der alkohol vart drukke på eit heilt anna dødeleg vis enn blant absintdrikkande bohemar på restaurant. Det er òg ein skilnad mellom kunstnarfattigdom, der det framleis finst von om gjennombrot, og verkeleg, trøysteslaus fattigdom, utan byrjing og slutt. Det er nærliggjande, men noko sjablongaktig å tenka seg at kunst som på så direkte vis syner eit slikt tilvære, må vera «entartet» for dresskledde og St. Olav-dekorerte kunsthistorikarar frå beste vestkant.
Samstundes kunne Aksel Waldemar Johannessen òg framstilla det vene. Det var to polar i Aksel Waldemar Johannessens liv: fattigdommen i Oslo og idyllen i Asker, i hagen til Hulda Garborg, der han ofte var på vitjing. Herifrå har han laga mindre ekspressive bilete av landskap og natur, med klassisk komposisjon, som liknar meir på Cezanne enn på Nolde.
Vi er stor takk skuldig til Haakon Mehren for at han har promotert denne kunstnaren. Han brukar rimelegvis litt for store ord, men det er forståeleg og på sin plass når andre har brukt altfor små ord. Obs: Utstillinga varar berre ei dryg veke til.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingen synte kjensler
som Aksel Waldemar Johannessen.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.