Utstilling
Else Hagen:
Mellom mennesker
Stavanger Kunstmuseum 19.
januar–14. april
Trondheim kunstmuseum
25. mai–1. september
Nasjonalmuseet 10. oktober 2024–26. januar 2025
Kunstsilo 1. mars–1. juni 2025
Eit initiativ frå Håkon Bleken var første steg på vegen for utstillinga Else Hagen. Mellom mennesker. Eit omfattande leitearbeid, mellom anna med avisannonsar for å finne kunstverk i privat eige, har gradvis gjort vandreutstillinga mogleg.
Else Hagen markerte seg tidleg som ein lovande kunstnar innan figurativ modernisme. Alt før ho var uteksaminert frå Oslo kunstakademi, fekk ho tre verk utstilte på Haustutstillinga i 1936. Etter andre verdskrig vann ho fleire store utsmykkingsoppdrag, til dømes i Stortingets trappehall og Haugesund rådhus.
Hagen er dermed ikkje ein kunstnar som først no blir oppdaga, men ho stod like fullt i fare for å bli gløymd. Noko av forklaringa ligg i at det er lenge sidan arbeida hennar er viste fram i ei stor utstilling, og at mange samtidige kunstsamlarar vurderte verk av kvinnelege kunstnarar som usikre investeringar.
Parallelt med at nolevande kunstnarar jobbar for å etablere seg, varierer det kva for eldre kunstnarar notida hentar fram frå historia. Hagen er ein av kunstnarane som utan tvil blir gjenoppdaga no. I løpet av få år har verdien til måleria blitt firedobla, og Nasjonalmuseet kjøpte nyleg inn måleriet «Bundet» (1989) på auksjon.
Undertone
Tidleg i karrieren jobbar Hagen mest med måleri og grafikk, men som ung mor fekk ho dei første store utsmykkingsoppdraga rundt om i landet. Ho skildra at vegen blei til medan ho gjekk. Som jente hadde ho ikkje sløyd på skulen, og ho lærte seg snikring og sveising etter kvart som ho trong det. Ofte måtte ho ha barnepass. Andre gonger tok ho med seg minstemann der ho jobba. Barnehagar fanst ikkje enno, og i periodar hadde ho atelieret heime. Situasjonen var langt frå ukomplisert.
Verka til Hagen har tallause lag som ein oppdagar litt etter litt. Fargane kan vere vakre og vårlege kombinasjonar av rosa, oransje, gult og grønt, men om ein ser vidare, så finst det nesten alltid ein undertone av ubehag. Det ligg der som noko statisk, som noko ein aldri heilt kjem ifrå.
Opplevinga av å kjenne seg bunden går igjen i intervju og tekstar, og i kunstverka. I pamfletten Til minoriteten frå 1965 problematiserer og harselerer ho over korleis samfunnet gjerne vil at jenter og kvinner tek seg god utdanning, men i neste runde forventar det at dei held seg heime med barn og husarbeid. Ho hyllar vidare minoriteten av menn som ikkje tek det som sjølvsagt at ei kvinne skal gje opp studium og jobb idet ho er gift og får barn. Til slutt lovar ho denne minoriteten at dei skal få namnet sitt på ein monolitt, og avsluttar tørt: «Det er svært god plass der, dessverre.»
Late som
Fuglen og maska er to sentrale symbol i verka til Hagen, og begge er knytte til ytterpunkt. Maska kan bety at ein ikkje kan vere seg sjølv. Samstundes kan ein også tenkje at maskene opnar for noko nytt, at ein med maska kan bevege seg på område der ein elles ikkje har tilgang.
Det tosidige finn me også i fuglen, som i mange kulturar er eit gammalt symbol på fridom. Så snart fuglen ikkje er framstilt svevande, men skada og fallande, blir han brått eit symbol på det motsette av fridom, som i litografien «Vekst» frå 1958. Greinene på treet strekker seg som tynne, mørkeblå fingrar mot fuglane, som ikkje ser ut til å komme seg vekk. Det er som om fuglane blir stoppa oppe i dei to øvste hjørna. Me får ikkje ha illusjonen om at det finst ein himmel vidare over treet, eller at biletflata er eit vindauge til ei større verd. Det er innafor biletramma at fuglane må leve, som i eit fuglebur.
Inga opphøgd mor
I oljemåleriet «Familie» (1950) blir kvinneperspektivet svært tydeleg. Dette er ikkje ei opphøgd, fredfull og allmenn mor med jomfru Maria som mal, som me er vane med å sjå. Her sit ei frustrert mor med eit skrikande spedbarn liggjande over knea. Det ser ut til at ho nyleg har amma barnet, men brått slapp det for å vifte vekk innpåslitne fuglar.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
På ein stol like ved sit ei ung jente, kanskje ei dotter. Ho lener seg vekk og ser ukomfortabel ut. Det er ei anna kvinne like bak som er på veg vekk, men foten med ein høghæla sko heng fast i same stol som mora sit på. Denne kvinna ser ikkje ut til å vere påverka av bråket, og er kanskje mora i ei anna tid? Den gong ho ikkje var berrføtt, sur og sliten, men glad og festkledd?
Komposisjonen er kaotisk og speglar kjenslene. Måleriet er eit godt eksempel på den ekspressive trenden som voks fram i dei åra. Om fuglane i dette tilfellet er symbol på fridom og fred, så lèt dei til å vere forstyrrande. Mora viftar dei irritert vekk og vil gjerne ikkje ha denne påminninga om fridom i ein situasjon der ho sit med stort ansvar. Ein av detaljane med mørk undertone er korleis jenta i stolen er omgitt av blomar og solskin, med grønt gras under stolen. Fuglen over ho er kvit, medan dei andre er svarte. Her er framleis truskuldig håp og fantasi, og me anar at det skal ta slutt.
«Bundet»
Utstillingstittelen vektlegg det mellommenneskelege, men verk som ber preg av eit meir innovervendt blikk, som «Bundet», gjer vel så stort inntrykk. Her er abstrakte former dominerande. Me skimtar så vidt ein skikkelse som tilsynelatande er vikla inn i bandasje og ligg på ei båre eller ei seng. Venstre hand strekker seg opp og ut, som eit håp om handling og løysing.
Hagen var på denne tida 75 år og blei kalla ei føregangskvinne både for måten ho hadde kombinert rolla som mor og kunstnar på, og for måten ho som kvinneleg kunstnar gjorde karriere innan monumentalkunst.
I dette perspektivet er det interessant å sjå at motstanden mot det å vere ufri på ingen måte blei svakare med åra. Snarare tvert om. Else Hagen er ikkje den første kunstnaren som trekker relasjonar, kvardag og familieliv inn som motiv, men perspektivet og alvoret er forfriskande. Dette er ei sterk, aktuell og tankevekkande utstilling.
Mona Mørk