Framifrå russisk kunst
Gå ikkje glipp av utstillinga med russisk kunst før Lenin og Stalins sosialrealisme på Munchmuseet.
Mikael Vrubel: «Svaneprinsessa», 1900, olje på lerret, 142,5 x 93,5 cm.
Alle foto: Tretyakov-galleriet
Kunstutstilling
Svaneprinsessen. Russisk kunst 1880–1910
Munchmuseet i Oslo
Både Nasjonalmuseet og Munchmuseet skal flytta inn i nytt hus til neste år. Men medan det første museet i mellomtida er stengt, er det siste vedvarande aktivt, no med det som alt kan verta ståande som den flottaste utstillinga i 2019. Vi må tru det kjem av at Munchmuseet har eit særleg verdfullt bytemiddel, nemleg Munch-bilete, som andre museum gjerne vil låna til utstilling, mot at dei lèt Munchmuseet få låna bileta deira.
Denne gongen er det Tretjakov-galleriet i Moskva som er hovudlånepartnar, eit museum som neppe er så kjent i Noreg som Eremitasjen i St. Petersburg, men som med sine 140.000 verk kan samanliknast med denne når det gjeld samling av russisk kunst.
Museet vart grunnlagt av industrimagnaten og kunstsamlaren Pavel Tretjakov som i 1892 gav samlinga si til staten. Ho har heldigvis overlevd revolusjon og krig, og no kan vi i Noreg få ein forsmak på det vi kan oppleva om vi dreg til Moskva. Men det er òg lånt inn nokre bilete frå Göteborg og Bergen.
Mange verk
Utstillinga er stor, med nesten 140 verk, mange av dei i stort format, som vert stilte ut på det viset som er moten i dag: i relativt mørke store salar, men med effektiv punktbelysning av bileta. Det vi får sjå, er kunst frå det russarane kallar sølvalderen sin, nemleg frå perioden 1880 til 1910, for det meste målarstykke, men òg møblar og porselen.
I Noreg kallar vi same periode gullalderen, då nasjonalromantisk ateliermåleri vart erstatta av naturalistisk og nyromantisk utandørsmåleri. Dette er eit poeng som Kari Brandtzæg, som har laga utstillinga, legg vekt på: at det var parallelle førmodernistiske stiltendensar i dei nordiske landa og i Russland på denne tida, med unntak av Danmark, som var meir kontinentalt.
I alle desse nordlege landa vart bonden og bondekulturen idealisert som berar av ei opphavleg rein folkesjel, særleg uttrykt i arts and craft-handverk. Denne kulturelle oppblomstringa var driven av nasjonalistisk optimisme, særleg i Noreg og Finland, på veg mot frigjering frå Sverige og Russland, men òg i Russland, trass i – eller som reaksjon mot – stagnasjonen under Aleksander den III og Nikolai II.
Nasjonalisme som lekk i eigen frigjering er ikkje negativt.
Likskap
Det var ikkje berre når det gjaldt stil og ideologi det var likskap. Kunstnarane klumpa seg saman og inspirerte kvarandre på liknande vis. I Finland kom arkitektar, målarar og komponistar saman, til dels gjennom ekteskap og svogerskap.
I Noreg fekk vi etablert Lysaker-krinsen der særleg Erik Wærenskiold og Gerhard Munthe var sentrale kunstnarar, men der òg forfattarar og vitskapsfolk, som Nansen og Sars, var med, alle med eit nasjonalistisk frigjeringsprosjekt.
Tilsvarande, litt nord for Moskva, på herregarden Abramtsevo, vart det etablert ein kunstnarkoloni for fremjing av slavofil kunst og handverk. I tillegg til biletkunstnarar var slike som Gogol og Stanislavski også der, medan Tsjekhov skal ha brukt ein av bygnadene som modell for «Kirsebærhagen».
Brandtzæg har vore spesielt oppteken av og forska på den første kvinnelege russiske kunstnaren, Jelena Polenova. Ho er representert med fleire verk, ikkje minst eit stort bileta av ein sentral russisk eventyrskapnad, eldfuglen.
Sølv- og gullalder
Men hovudpoenget med utstillinga er å visa likskapen mellom den russiske sølvalderen og den norske gullalderen. Det vert gjort ved å stilla ut ved sidan av kvarandre bilete frå dei ulike landa, til dømes Abram Arkipovs bilete av ein munk i ein hage og Erik Werenskiolds bilete av gjetarar. Eller Viktor Vasnetsov bilete av ein riddar ved ein korsveg, og Gerhard Munthes bilete av ein riddar på firarferd. Eller Isaak Levitans bilete av høystakkar og Munchs bilete av mørk granskog.
Men her må eg tilstå at eg tykkjer desse samanlikningane er noko kunstige, med vekt på ytre likskapar. Og særleg meiner eg at Munchmuseet går for langt i å kopla Munch inn i dette prosjektet. Han høyrer ikkje heime i gullalderen, men i den påfølgjande ekspresjonistiske modernismen.
Derimot er det mogeleg å finne direkte påverknadsliner mellom Norden og Russland på denne tida, særleg gjennom utstilling i Russland av Anders Zorn, som gjer stort inntrykk. Og ikkje minst gjennom kunstsamlaren og ballettprodusenten Diagilev, som kjøpte fleire bilete av Lysaker-målarane og arrangerte ei stor utstilling av nordisk kunst i St Petersburg. (Verd å merka seg er at i desse dagar framfører Den Norske Opera to av dei mest kjende ballettane han produserte, «Eldfuglen» og «Vårofferet».)
Ulikskap
Alle desse likskapane er sjølvsagt interessante å sjå. Men for oss nordmenn som vitjar utstillinga, er det ulikskapane som gjer oss klokare. For som dei slavofile sjølv understrekar, er Russland ulikt Vesten. Det vert særleg tydeleg når dette vert vist gjennom same stil som vart brukt i Noreg.
Og paradoksalt nok er det særleg interessant å sjå korleis dei russiske kunstnarane avbildar sine arktiske område, og då gjer jobben for dei norske kunstnarane som aldri kom seg særleg lenger nordover enn Hamar, og som i liten grad dyrka dei «eigentlege» berarane av den norske «folkesjela», nemleg kystfiskarane, framfor bøndene.
Det er laga ei flott illustrert katalogbok til utstillinga, med gode artiklar særleg av Brandtzæg og Iver Neumann, som skriv om Russland frå eit kulturpolitisk perspektiv: Straks etter sølvalderen kom bolsjevikanes steinalder.
Forresten: Dag og Tid har nyleg meldt ei utstilling i Drammen Museum: Norsk modernisme og bygdenes dekormaling. Ho dekkjer mykje av den same perioden og tema i Noreg. Det er berre ein kort togtur frå Munchmuseet til Drammen.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alle likskapane er interessante å sjå, men for oss nordmenn er det ulikskapane som gjer oss klokare.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»