Modernisme og land, hand i hand
Om korleis bygdekunst gav inspirasjon og identitet til norsk modernistisk målarkunst.
«Ung pike» frå 1939 av Kai Fjell er mellom verka som er med i utstillinga «Norsk modernisme og bygdenes dekormaling».
Foto: Drammens Museum
Kunstutstilling
Norsk modernisme og bygdenes dekormaling
Drammens Museum
14. februar–19. mai 2019
No er det gamle Nasjonalgalleriet stengt, og ei viktig kunstscene er difor borte fram til det nye Nasjonalmuseet på Vestbanetomta opnar i 2020. Men når katta er vekke… Rett nok er Kode-musea i Bergen sure av di Nasjonalmuseet stikk av med så store budsjettmidlar. Men andre, mindre og lokale kunstmuseum, som uansett ikkje mistar pengar til Oslo av di dei er finansierte av fylka, kan gleda seg og eit kunstinteressert publikum med gode utstillingar som lett kan vitjast frå Oslo: Haugar i Tønsberg, truleg Noregs flottaste museum når det gjeld bygning og plassering, har gåande ei utstilling av Espen Didrichson. Drammens Museum har på si side har laga ei såkalla dialogutstilling, noko som er populært for tida, særleg på Munchmuseet, der tvilsame samanstillingar vert presenterte. På Drammens Museum er derimot samanstillinga både relevant og opplysande, i tillegg til at dei einskilde utstilte objekta er interessante og med eigne estetiske kvalitetar.
Tredje hovudperiode
I Drammen handlar det om det vi kan kalla den tredje hovudperioden i norsk kunsthistorie. Den første er nasjonalromantikken, der norsk natur vart måla inne i atelier i Tyskland, etter skisser teikna på vitjingar i det idealiserte Noreg. Den andre, frå 1880, er (gullalder)naturalismen, som kan slå over i nyromantikk, med utandørs staffelimåling av landskap og bondekultur i sjølve Noreg.
Den tredje er den franskinspirerte modernismen som gjeld frå mellomkrigstida til utpå 1950-talet. Dette var ein stil som i utgangspunktet var internasjonal. Men det påfallande ved han i Noreg var at medan hovudinteressa no snur seg frå avbilding av landskap og bondekultur til sjølve målingsprosessen og konstruksjonen av biletflata, så tek samstundes dei norske modernistane bondekulturen inn i heimane sine: skåp, kister, drikkekar, mangletre og så bortetter. Og i nokre tilfelle tek dei heile hus inn på tuna sine.
Eller som i eit døme representert på utstillinga: Kristen Holbøs kunstnarheim som vart fylt av nylaga bondemøblar, mange skorne ut av han sjølv. Eit anna døme på utstillinga er eit gamalt bondeskåp der Kai Fjell har måla dei to øvste dørspeglane.
Denne integreringa av bondekunst i modernismen har hatt som funksjon å gje inspirasjon både for symbolikk og meining, og for målingsprosessen, som slik skal få ein spesifikk norsk karakter. Ein kan tenkja seg at dette har noko å gjera med tap av identitet i mellomkrigstida, som følgje av aukande industrialisering og arbeidskonfliktar, og fråflytting frå bygda og konkursane der. I musikken fekk vi ei tilsvarande utvikling, der modernistiske komponistar som Geirr Tveitt, Ludvig Irgens Jensen, Eivind Groven og David Monrad Johansen tok opp folkeelement og norrøne tema i musikken sin. Den siste vart nazist under krigen, utan at dette var nokon hovudregel. I litteraturen finn vi både Trygve Gulbranssen og Knut Hamsun, der sistnemnde støtta nazistane.
Dekorasjonar
Hovudbygningen til Drammens Museum er sjølv frå denne mellomkrigstida, bygd i 1930. Men utstillinga er plassert i det moderne tilbygget, Lychepaviljongen. Her vert vi førte gjennom salar som er ordna etter tema. Ein påstand er at det særleg var i dei dekorative formene i bygdekunsten at modernistane fann inspirasjon.
Dekorasjonar skal ikkje avbilda noko, men berre gje glede for augo, nett slik den modernistiske abstrakte og nonfigurative kunsten skulle. Slik kunne modernistane henta inn rosemåling og akantusar som førebilete og ikkje berre som uttrykk for ein trongsynt tilbakeståande kultur.
Særleg fokuserer utstillinga på tak- og veggdekorasjonar i gamle bondestover, og på korleis Henrik Sørensen var ein målar som i særleg grad underbygde temaet for utstillinga: Sørensen meinte at mønstera i rosemåling var urformer i naturen som han sjølv kunne ta i bruk. Det er lett å sjå i dei Sørensen-bileta som er stilte ut.
Fargesyn
Derimot har eg problem med å sjå korleis dei nonfigurative og geometrisk komponerte verka til Gunnar S. Gundersen og Bjørn Erik Haugen passar inn i temaet for utstillinga. Her er det vel i alle fall ikkje tale om nokon direkte kontakt. Og om det handlar om dei same symbolmeiningane i sirklar hos Gundersen/Haugen og bondedekorasjonar, så er det vel heller tale om parallellitet.
Ein annan påstand som vert lagd fram til diskusjon, og via idear hos ein av dei utstilte målarane, Gerhard Munthe, som strengt teke ikkje høyrer heime i modernismen, er at det finst eit særeige norsk fargesyn som ein finn i bondedekorasjonane. Deira sterke og klare fargar skal ha vorte inspirerte av fargane i norsk natur: Lys og mykje regn gjev oss til dømes sterke grønfargar. Men ein er ikkje avhengig av semje med teoriane utstillinga målber, for å få utbytte av ho: Om ein vil, kan ein sjå på dei utstilte objekta kvar for seg. Her er utstilt mangt eit prektig arbeidsstykke av eit skåp og ei kiste. Og mangt eit flott målarstykke.
Utstillinga er kuratert av Øyvind Storm Bjerke, som ikkje berre har stilt ut tinga, men òg valt ut fargar på veggene.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her er utstilt mangt eit prektig arbeidsstykke av eit skåp og ei kiste.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.