«Skjønnheten tilintetgjør trivialiteten»
Sverre Bjertnæs, Noregs kan hende mest postmoderne kunstnar, kan hende også den beste av dette slaget, ser seg attende og finn seg sjølv – i dei andre.
«Skjønnheten tilintetgjør trivilaiteten» (2009), 28 måleri, olje på lerret, kvart 35 x 45 cm
Kunstutstilling
Haugar Vestfold
Kunstmuseum
Sverre Bjertnæs
27.04.19–08.09.19
Kunstbok
Joakim Borda-Pedreira og Knut Ljøgodt (red.):
Sverre Bjerknæs
arnoldsche ART PUBLISHERS 2019
Haugar i Tønsberg er ei høgd midt i byen. Der finn ein to gravhaugar som ifølgje Snorre skal innehalda restane av to av Harald Hårfagres søner, drepne av den lite sympatiske broren Eirik Blodøks. Der finn ein òg ei førfunksjonalistisk (tidleg 1920-tal) tidlegare sjømannsskule, teikna av dei same arkitektane som laga den flotte sjømannsskulen på Ekeberg i Oslo. Men ettersom norske sjøfolk no for det meste kjem frå Filippinane, har denne sjømannskulen vorte Vestfolds – eller kva det no skal heita etter fylkessamanslåinga – kunstmuseum. Og der har direktør Jan Åke Pettersson fått i stand den eine storslegne utstillinga etter den andre. Til dømes Lars Lerin-utstillinga i 2017 og Kitty Kielland-utstillinga i 2018.
Retrospektiv utstilling
No er begge etasjane i museet fylte med ei retrospektiv utstilling av kunsten til den yngre – 43 år gamle – Sverre Bjertnæs, som midtvegs i livet slett ikkje har gått seg vill, men står fram som ein stadig meir mangfaldig kunstnar. Og ein som ikkje drep kunstnarbrørne sine på (symbolsk) Blodøks-maner, slik som er vanleg i slike krinsar, men tvert om samarbeider med dei.
Bjertnæs er fødd i Trondheim, men reiste som gåverik 16-åring til Oslo for å verta elev av Odd Nerdrum. Så skulle ein kan hende tru at han ville verta ein av fleire premodernistiske Nerdrum-følgjarar, innelåst i kunsthistoria heime hos Rembrandt, men nei.
Etter to år skifta Bjertnæs over til Statens kunstakademi, der Jan Sæther, som hadde fått ansvar for den nye lina for figurativt og tradisjonelle teknikkar, underviste utan nerdrumsk historisme. Slik viste Bjertnæs med ein gong sjølvstende: Han ville læra seg det målartekniske handverket, men bruka det til eigne føremål.
For ifølgje postmodernismen følgjer ikkje kunsthistoria berre éin bane, der ein må gå anten rett fram og opp eller rett ned og attende – at valet berre står mellom anten det nonfigurative, installasjonar og performance, eller fortida.
Ulike stilfasar
Bjertnæs var frå første stund ein Ole Brumm, som sa ja takk til alt mogeleg. Dette synet på kunst som eit stort smørgåsbord der alt vert servert på éin gong, er nett det den postmoderne tilstanden inviterer til.
I dag høyrest det rart ut at nokon skulle tvila på at stram figurativ målarkunst skulle vera utan spreng- og motkraft i ei verd der vi druknar i lausaktige bilete. Men òg rart at ein kategorisk skulle avvisa at nyare teknikkar som installasjonar ikkje skulle kunne brukast konstruktivt, om ein har noko på hjartet.
Bjertnæs måtte sjølv dekkja på smørgåsbordet med éin rett om gongen. Så utviklingshistoria hans handlar om korleis han har utforska ulike stilfasar. Det første tiåret fram til 2000-talet ein Nerdrum-inspirert hyperrealisme, der ein kan undrast på om bileta er fotografi, så dyktig er han med penselen.
Men så, i det neste tiåret, fram til 2010, vert bileta meir komplekse, der ulike figurar og perspektiv vert blanda saman, som om dei er sett gjennom rus, og der kaotiske reklamerike New York-bilete speglar ei internasjonal framand verd.
Sjølvportrett
Dette siste har samanheng med store endringar i livet til Bjertnæs. I 2007, etter mykje hjelp i ei AA-gruppe, vart han rusfri, noko han markerer i ein intelligent installasjon: Han målar portrett av kvar «medlidar» i AA-gruppa. Men desse må jo vera anonyme. Vi kan aldri få sjå dei. Difor vert portretta av dei stabla oppå kvarandre med Bjertnæs’ sjølvportrett, det einaste vi får sjå, som avsluttande lok på toppen.
Bjertnæs vert òg skild, og dreg til New York, der han arbeider tett saman med Bjarne Melgaard. Ikkje berre slik at Melgaard kuraterer utstillingar for han, men òg slik at dei saman målar på same bilete. Dette er utenkjeleg å gjera for ekte modernistar med eit fast avgrensa genialt subjekt. Men midt i blinken for postmodernistar utan eit slikt.
Det er elles påfallande korleis Bjertnæs nærast utslettar sitt eige subjekt i desse samarbeida. I fellesbileta med Melgaard ser vi mest vanlege Melgaard-strekfigurar og utbrot av typen «fuck». Denne sjølvutslettinga ser vi òg i samarbeidet med andre nolevande kunstnarar, eller når han utforskar stilen til eldre norske målarar som Arne Ekeland og Haakon Bleken.
Heldigvis vert Bjertnæs like lite ein Melgaard-epigon som han vart ein Nerdrum-epigon. Medan Melgaard dyrkar det stygge og perverse, er det som om Bjertnæs berre vert meir forsterka i tendensane sine til klassisk orden og venleik.
Ein måleriinstallasjon med 28 mindre og kitschaktige bilete av sol og skyer ordna i eit rektangel har tittelen «Skjønnheten overvinner trivialiteten», ein passande tittel på heile Bjertnæs-prosjektet. Og ikkje berre trivialiteten vert overvunnen. Udyra òg.
Raritetskammer
Uttrykksmangfaldet viser seg ikkje berre i ulike stilar, men i ulike uttrykksjangrar. Vi finn skulpturar og videoar (der Bjertnæs har samarbeidd med dramatikaren Arne Lygre), og ikkje minst installasjonar.
I eitt rom kjem vi inn i eit veritabelt og kaotisk raritetskammer. I eit anna er måleria ordna kring ein skulptur, og vegger og golv har fått fargar som samspelar med kunsten. I eit tredje rom finn vi ein slåande ullteppeinstallasjon på golvet (der ullteppa er designa av Bjertnæs), som samspelar med måleria på veggene.
Heile utstillinga er på mange vis sjølv eit raritetskammer. Eg går ut frå at konstruksjonen av henne, inklusiv måling av vegger og tepper på golvet, er eit samarbeide mellom Sverre Bjertnæs og kurator Tone Lyngstad Nyaas.
Til utstillinga føreligg det ikkje ein vanleg katalog, men ei stor (kaffibord)bok som dekkjer det meste av utstillinga, men som òg går langt utover henne når det gjeld avbilda kunst frå andre utstillingar.
Eg kan berre understreka at Haugar ligg i fem minutts gangavstand frå jarnbanestasjonen i Tønsberg, dit ein kan koma med mange tog frå både nord og sør. For dei som er interesserte i kunst, ligg denne utstillinga på øvste hylle. Om Bjertnæs held fram på dette viset, med ikkje å halda fram på same vis, vil han verta ein norsk klassikar.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen