Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Sommaren på Kapp

Den staselege embetsgarden frå 1700-talet er mest kjend for dei mange og godt bevarte veggmåleria av Peder Balke. I tillegg vert det vist nye utstillingar kvar sommar, i år med keramikarane Nina Malterud og Torbjørn Kvasbø.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den største av installasjonane til Torbjørn Kvasbø er plassert på det gamle kjøkkenet i første etasje.

Foto: Annette Hveem Narum

6448
20230915
6448
20230915

Utstilling

Peder Balke-senteret på Kapp

Nina Malterud og Torbjørn Kvasbø

13. mai–24. september

Det var ein nydeleg sommardag eg gjekk den lange grusvegen opp mot garden Billerud, det som i dag er Peder Balke-senteret. Vegen skar gjennom eit stort jorde med gylne kornaks, nedanfor låg Mjøsa, stille og blå.

Når vi nærmar oss, kjem vi til den digre jarnskulpturen «Allium» (2014) av Sverre Wyller, som dannar ein portal over vegen. Den struttande, vitale laukforma er med på å setje stemninga: På Peder Balke-senteret møtest det gamle og det nye med den største sjølvfølga. Heile gardstunet yrer av liv. I løa er det verkstadar for kunstnarar, i kafeen og gåvebutikken myldrar det av kundar, endåtil den elegante vesle rosehagen er velhalden.

Det er underleg å tenke på at berre nokre få dagar etter det solfylte besøket på Kapp, kom ekstremvêret Hans, og himmelen opna seg og brasa over heile Sør-Noreg. Til alt hell berga Peder Balke-senteret seg bra.

Festsalen

Sjølve hovudattraksjonen finn vi i det bleikfiolette hovudhuset frå 1767: den rikt dekorerte festsalen i andre etasje. Storslegne landskap faldar seg utover veggflatene i gyllenbrune tonar, endåtil opningane over dørene er pryda med bilde. Det er noko helt eige over måleria til Peder Balke (1804–1887), korleis han har pensla fram nordnorsk natur i all sin dramatikk i nokre av scenene.

Her er dramatiske kystscener, med forvridde knausar og brusande fossar mot ein himmel fylt med lunefulle skyformasjonar. Her er også skildringar av det vennlege og slake terrenget på Toten. Måleria er i stil og tema karakteristiske for romantikken, som var den rådande stilretninga på denne tida.

Om du tenker at veggane har eit kulissepreg, er det nok ikkje tilfeldig. Veggmåleria var ei gåve til frua i huset, og rommet vart flittig brukt til private oppsetjingar av teaterstykke. Embetsmannen var sjølv ein ivrig amatørskodespelar.

Fattigguten

Det var slett ikkje gitt at det skulle verte kunstnar av Peder Balke. Han begynte som sjølvlært bygdemålar. I samband med eit lengre opphald på Toten i 1820-åra, merka bøndene seg det særeigne talentet til ungguten og samla inn pengar til utdanning i Christiania. Det vart starten på ei læretid som med åra også skulle omfatte akademiet i Stockholm og seinare Dresden.

Balke gløymde aldri hjelpa han hadde fått, og kom fleire gongar attende til Toten for å måle veggmåleri på gardar her. Fleire av dekorasjonane er bevarte, men den prektigaste av alle er salen på Billerud. Her ser vi fleire stader korleis han eksperimenterer med å skildre fjellformasjonar og bølgeskum med hjelp av ekspressive, heftige strøk.

Med åra utviklar han ein særeigen teknikk der stemningsfulle landskap vert forma med hjelp av svamp og spatel. Dette gir verka abstrakte kvalitetar, som vert balanserte av ørsmå figurative innslag; små menneske, hus og skip. Desse lette, flytande naturstemningane skil seg sterkt ut i samtida.

Balke var på mange måtar ein framand fugl. Mange som meinte å ha greie på det, såg med skepsis på måleria hans. Han vart faktisk gløymd allereie før han døydde i 1887, 83 år gamal. Det skulle ta fleire tiår før han vart anerkjend. I dag er han rekna som ein av våre fremste landskapsmålarar.

Taktskifte

Lenge var Billerud eit maktsenter for dei få og utvalde, med ein luksus som var få forunnt. Ingen tre veks inn i himmelen, i 1902 vart garden omgjord til fattigheim for Østre Toten kommune. Til alt hell vart hovudbygningen freda i 1923, og dei unike måleria tekne vare på, samstundes som huset heldt fram med å vere fattigheim, seinare pleieheim og aldersheim.

I 1986 fekk garden endå ein gong ei ny rolle, no som kunst- og kultursenter. Medan festsalen er nyoppussa, er mange av romma sterkt prega av lang tids bruk. Desse røffe areala fungerer særs godt for syning av samtidskunst. Kvart år plukkar ein jury ut kunstnarar til sommarutstillinga. I år vert det vist to keramikarar, Torbjørn Kvasbø og Nina Malterud.

Torbjørn Kvasbø

I første etasje ruvar dei digre installasjonane til Torbjørn Kvasbø (f. 1953). Underlege slangeformer snor og buktar seg oppover, med imponerande storleikar trassar dei tyngdekrafta, på randa av kollaps. Samstundes som formene har noko organisk over seg, minner dei om industrielle former, rør eller takrenner. Installasjonane funger særs godt mot den slitne målinga på veggane, dei røffe omgjevnadene med tydelege spor etter dei som har budd her.

Formene krev at vi beveger oss rundt dei, kikar oppi, bøyer oss ned og ser nedanfrå. Dotter mi var heilt oppslukt av desse kraftfulle formene. Ut frå hennar referansebakgrunn assosierte ho dei med noko som kunne høyre heime i ei postapokalyptisk steampunkframtid med zombiar. Det er alltid ein god ting å vere fleire når ein besøker utstillingar, og ein kan la assosiasjonane flyte fritt.

Nina Malterud

 Nina Malterud (f. 1951) stiller ut i andre etasje. Etter møtet med dei høglydte formene til Kvasbø må vi stoppe litt opp og setje kroppen i lågare gir før vi gir oss i kast med Malterud. Verka hennar er små og delikate, sanselege og vare. Motiva har måleriske kvalitetar. I fleire av verka skimtar vi lag på lag med ulike glasurar som er påførte mellom kvar brenning i ein omn med temperatur opp til 1000 grader.

Verka til Malterud appellerer til ei vandring på dei lysare og lettare delane av tankepaletten. Det er godt med slike pusterom, der ein kan gleda seg over gode former utan tanke på noko bakanforliggjande innhald.

Ei unik oppleving

 Peder Balke-senteret er dyktige til å formidle den rike og mangfelte historia til staden, så vel som til kunstnaren Peder Balke. I tillegg vert det kvar sommar sprøyta inn ny energi gjennom nye utstillingar. Alt i alt tilbyr senteret ei unik oppleving.

 Framleis står ein enorm restaureringsjobb att, mange av romma skrik etter omsorg. Det er sett i gang eit stort samarbeidsprosjekt med mellom anna Norsk institutt for kulturminneforskning for å finne fram til dei originale fargane og måle opp att heile huset innvendig. Dette er eit langsiktig prosjekt. Såleis kan ein kome attende år for år, ikkje berre for å sjå dei nye utstillingane, men også for å følgje med på restaureringa.

Eva Furseth

Eva Furseth er kunsthistorikar og fast kunstmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis