To paneuropearar
Er utstillingar av Tor Kvarv og Adelsteen Normann prov på at Bodø fortener å vera europeisk kulturhovudstad?
Adelsteen Normann: «Fjordlandskap». Olje på lerret.
Kunstutstilling
Tor Kvarv:
Tor Kvarv
Bodø Kunstforening,
21. september–3. november
Kunstutstilling
Adelsteen Normann:
Fjordenes og midnattssolens maler
Bymuseet i Bodø,
24. september–3. november
Alle byar drøymer om ein «Lillyhammer»-augneblink: Då dei vert utvalde til noko gildt, i konkurranse med andre, tapande byar. Tromsø fekk ikkje noko «the decision is Tromso» frå IOC. Men 25. september fekk Bodø augneblinken sin, og med perfekt uttale av bynamnet, då byen vart utvald av EU til europeisk kulturhovudstad 2024. Rett nok som representant for halveuropeiske byar, på kvote frå EØS og frå land som søkjer medlemskap i EU, og dessutan saman med to heileuropeiske EU-byar. Uansett skal alle tre fremja paneuropeisk kultur.
Då kan ein undrast på om denne arktiske kremmar- og administrasjonsbyen som Bodø eigentleg er, har noko å by på når det gjeld paneuropeisk kultur. Handlar det her ikkje mest om Halfdan Sivertsen og bilete av dei lokale nordlandsbåtane som Karl Erik Harr no stiller ut i eige nybygd galleri i byen? Men heldig- og tilfeldigvis (?) vart det opna to kunstutstillingar berre nokre dagar før utnemninga, som båe tyder på at det har vore og er paneuropeisme i sjølv denne byen.
Leonardo-inspirert
Tor Kvarv (1953–) har rett nok vore buande og arbeidande i Bodø stort sett heile livet: som designar, også i den opphavlege tydinga av ordet, som teiknar og som biletkunstnar. Men bortsett frå i karikaturteikningar har han aldri dyrka det lokale. Har han avbilda ein båt, har det ikkje vore ein traust nordnorsk fembøring, men ein surrealistisk skapnad, gjerne med vengjer, mest i slekt med flygande europeiske hollendarar. Kunstnarane han sjølv har late seg inspirera av, er typiske paneuropearar. Særleg Pablo Picasso. Men mest Leonardo da Vinci, ikkje berre som målar, men som komplett kulturpakke.
Årleg arrangerer Kvarv turar kring i Europa, gjennom Italia og Frankrike, i fotefara til Leonardo. Eller til Leonardo-utstillingar, der det hender at publikum byrjar å stire på han og lurer på om dei ser ein gjengangar: Det er visse ytre likskapar mellom Leo og Tor. Også indre. Det er særleg skisseteikningane til Leonardo teiknaren/designaren Kvarv er interessert i. Han lagar òg eigne skissebøker som godt kunne vore stilte ut. I tillegg har han truleg Noregs største samling av bøker om Leonardo, og endå fleire frå europeiske kunsthistorie.
Kunstforum
Desse kunnskapane har han no, i snart sju år, saman med Stein Sneve frå Avisa Nordland, brukt i noko dei kallar Bodø Kunstforum. Der føreles dei kunsthistorisk kunnskap om store kunstnarar, utan å ha kunsthistorisk akademisk kompetanse. Men kan hende difor når dei ut til så mange, som slik vert utdanna til å verta borgarar av ein europeisk kulturhovudstad. Det er godt passande at Kvarv har fått sitt eige bord på byens mest sentrale kafé, på line med Ibsen på Grand Café.
Men først og fremst er altså Kvarv sjølv ein flittig kunstnar som står tidleg opp om morgonen og no har gåande ei stor separatutstilling i Bodø Kunstforening. Utstillinga er i hovudsak delt i tre avdelingar: Først kjem vi inn i ei der Kvarv har stilt ut 12 store (1x1m) akrylmålarstykke. Kvart av dei er ei avbilding av ein månad i året, men overraskande nok til å vera Kvarv er dei måla på nonfigurativt vis, og dei er difor avbildingar av Kvarvs stemning i eller oppleving av desse månadene. Noko som er nokså privat, utan at det gjer noko. Vi som sjåarar har uansett glede av bileta gjennom dei reint estetiske kvalitetane: Der tjukke lag med akrylfarger er førte på med spatel og så skoren gjennom med skalpell og dekt med fleire lag lasering, samstundes som dette har fått former som gjev assosiasjonar i ulike retningar. Kvarv likar ikkje det eintydige.
Raritetskabinett
I neste avdeling finn vi den gamle Kvarv. Der har han portrettert fire fiskar, korkje skrei eller sei, men slike som berre kan symja inne i eit surrealistisk hovud. Her er olje og akryl påført i så tjukke lag at bileta nesten vert tredimensjonale.
I den største avdelinga har Kvarv stilt ut sitt eige Wunderkammer, eller raritetskabinett, i tradisjonen frå renessansefyrstars hulter-til-bulter-samlingar av merkelege og ofte falske – «einhjørningshorn» – gjenstandar. Det vil seie: Kvarv stiller ikkje ut verkelege ting, men teikningar, eller altså design, av dei, heile 29 slike – så sinnsjukt konstruerte at ein må tru kvar renessansefyrste ville ønskt dei til samlinga si. Og så suverent teikna at Kvarv for alltid har bestått handteikningstesten.
Det merkelegaste ved utstillinga er likevel at Nasjonalmuseet ikkje har vore der og gjort innkjøp. Vel, dei er sjølvsagt mest opptekne av Fredriksen-tvillingane. Men om dei ikkje skundar seg, vil eg prakke på dei Vedum. No når Bodø har vorte europeisk kulturhovudstad, er det vel Oslo som har vorte distrikt?
Landskapsmålar
Den andre utstillinga som stør inntrykket av Bodø som paneuropeisk, er ei utstilling i Bodø Bymuseum med bilete av Adelsteen Normann (1848–1918), arrangert av ei lokal stifting som tek vare på kunstens hans. Normann er på mange vis det motsette av Kvarv: Jau, han er rett nok òg frå Bodø, eller ei dryg mil utanfor sentrum, frå Vågøy, som son av ein velståande jektereiar og handelsmann, men som ung forlét han Noreg for godt og drog til Düsseldorf (1869) for å verta utdanna til landskapsmålar, som så mange andre norske målarar. Men då hadde Hans Gude alt flytta til Karlsruhe, og byen hadde mista statusen som sentrum for moderne målarkunst. Så frå 1883 har Normann sin base i Berlin, der han budde resten av livet.
Men i 1890 fekk han bygd ein villa i Balestrand. Der var han kvar sommar, og reiste langs fjord og kyst, både på Vestlandet og særleg i Nord-Noreg, ikkje minst attende til barndomens Vågøy og midnattssola, for å laga skisser som seinare vart brukte til å måla kystlandskap i stort format. Dei vart særs populære i Tyskland, men òg i andre land, og gjorde Normann til ein velståande mann. Mellom andre Keisar Wilhelm II tinga bilete av han. Så Normann måla det motsette av Kvarv: nordnorsk natur, like mykje som Harr, men like mykje som Kvarv, sett gjennom sentraleuropeisk kunstnarlege auge.
Normann og Munch
Uheldigvis døydde Normann i 1918, av spanskesjuka: han som budde hos den tapande parten i fyrste verdskrig, til og med ein slags hoffmålar for den abdiserte keisaren, og som måla på konservativt vis, samstundes som den modernismen Kvarv tilhøyrer, for alvor slo igjennom. Så Normann vart aktivt gløymt. For rett nok er han vel ikkje heilt oppe på Gudes nivå. Men ettersom tida går, kan vi få auge på at òg toarane kan ha hatt verdifulle eigenskapar. Og ikkje alle er einarar eller toarar heile tida. Dessutan har det hjelpt gjenreisinga av minnet at Normann var den som fekk ordna eit gjennombrot for den største målarhelten vår, Munch, då Normann organiserte ei skandaleutstilling i Berlin der dei mest radikale Munch-bileta vart stilte ut. Normann var eit generøst menneske som kunne sjå talent i andre og hjelpte der han kunne, til dømes den særs gåverike og altfor tidleg døde Gunnar Berg (1863–1893), Lofotens vintermålar.
Nasjonalromantisk
Når vi i dag ser på Normanns bilete utan dei negative fordomane knytte til «düsseldorfarar», ser vi at han har etterlate eit større mangfald av motiv og stilar. Ja, mange av bileta, dei i stort format, avbildar dei typisk norske storfelte fjella som omkransar fjordar, og kan seiast å vera nasjonalromantiske. Men strengt tatt var desse fjella her lenge før nasjonen Noreg. Han har òg laga fjellause bilete av skog og eng, meir fargerike og breipensla enn den finpensla brunfargen düsseldorfarane vart skulda for å overforbruka. Ikkje minst var Normann den første som laga midnattssolbilete, som då fekk eit meir moderne («turnersk») impresjonistisk uttrykk.
Utstillinga i museet er rett nok ikkje stor. Stiftinga disponerer berre åtte store Normann-bilete. Men ho inneheld mange interessante skisser. Dessutan kan ein få kjøpt med seg den fine kunstboka NRK-journalisten Bjørn Tore Pedersen har laga om kunstnaren, som nettopp formidlar inntrykket av uttrykksmangfald. Bileta som er brukte i denne artikkelen, er henta frå boka.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det merkelegaste ved utstillinga er likevel at Nasjonalmuseet ikkje har vore der og gjort innkjøp.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?