Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Kven er dagens Vinje?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aasmund Nordstoga syng med akkompagnement frå Det Norske Kammer-
orkester.

Aasmund Nordstoga syng med akkompagnement frå Det Norske Kammer- orkester.

Foto: Ronny Spaans

1970
20180413
1970
20180413

Vinjehuset Åmot, festkveld, laurdag 7. april

Aasmund Olavsson Vinje skreiv både høgfløygd lyrikk og skjemtande prosa. Høg- og lågstil vart det på festkvelden òg. Vesle Vinje kommune var heldig å få Det Norske Kammerorkester, eit av dei fremste i verda, på vitjing. Dei spela, og Erik Gjestvang og Aasmund Nordstoga sa fram dikt. Deretter var det tid for skjemt. Fyrst ute var Linda Eide. Ho reflekterte over to fenomen som nynorskbrukarar må leva med: nynorskhatet, «fråværet av Gud og kjærleik», som ho kalla det, og «overvakinga», arge kommentarar av talsmenn for ulike nynorske rettskrivingar, før ho spela blokkfløyte saman med kammerorkesteret.

Så kom overraskinga: norskmarokkanaren Yousef Hadaoui, aktuell med Svart humor på NRK. Eit av innslag hans var intervju med innvandrarar med langt skjegg på Grønland, med spørsmål om skyldskap med Vinje. Innslaga vart viste på storskjerm. Dette møtet mellom det multikulturelle Grønland og den opphavsnorske Vinje må vera det største sosiologiske eksperimentet i moderne tid. Det fall ikkje i god jord hjå alle. Ein og annan i publikum gjekk ut i protest. «Hadaoui stadfestar fordomar mot innvandrarar», sa kritiske røyster. Men desse røystene var i mindretal. Unge vestteler eg sat til bords med, lo så glas, bestikk og tallerkenar skalv.

Under festivalen kom spørsmålet om «vår tids Vinje» opp: Kven måler seg i dag med bladstyraren i Dølen? Ei rad namn vart nemnde: frå bidragsytarar i bladet du held i hendene, til Einar Førde, Kjartan Fløgstad og Linda Eide. Her kjem ein ny kandidat: Yousef Hadaoui. Bøndene i byen var på 1800-talet det innvandrarane på Grønland er i dag. Somme idealiserte dei, andre harselerte med dei. Vinje var sjølv bonde i byen. Dei romantiserande bondeskildringane hjå Bjørnson hadde Vinje ikkje mykje til overs for, og samtidig framstilte Vinje sin eigen kultur med overdriving og ironi, for å koma fordomar i forkjøpet. Den same doble ironien er Yousef ein meister i.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis