Landskapsdikt
Glimt av opphav er ei viktig gjendikting frå ein europeisk utkant.
Christine De Luca skriv shetlandsk dialekt.
Foto: Privat
DIKT
Christine De Luca:
Glimt av opphav
Gjendikta til norsk av Odd Goksøyr Ura forlag 2017
Ein konstant i lyrikken til Christine De Luca er det geografiske punktet, eller dei teoretiske punkta, som utgjer øyriket Shetland vest for Noreg. Den shetlandske poeten auser frå eit rikt og variert biletreservoar, der havet og det stadeigne fugle- og dyrelivet, djerve historiske sveip og slitet og arbeidet inngår som elementærpartiklar. «Eg grev ansiktet ned/ i desse såtene av draumar, famnar av forteljingar», som ho skriv i eit av dikta. Diktutvalet som er gjort i Glimt av opphav, stammar frå heile produksjonen hennar og inneheld dikt som ikkje har vore prenta tidlegare.
Store samanhengar
Christine De Luca skriv mennesket inn i dei store samanhengane og har ei evne til å gjere enkeltståande observasjonar og hendingar knytte til spesifikke geografisk stadar, eller ei forteljing om ein nær slektning, til allmenngyldige storleikar. Det er fascinerande kor intenst dikta vert merkte av stadkjensla, utan å verte ekskluderande, snarare tvert om. Det er nett som om vendinga inn mot staden og det særeigne – gravinga nedover i såtene, i dei geologiske laga, i arbeidet, språket og i historia – får staden og biletspråket til å ekspandere. Diktet er sjølv ein stad som evnar å foredle og formidle kunnskapar.
Shetlandsk dialekt
De Luca skriv dei fleste dikta på Shetland dialect, ei blanding av skotsk, engelsk og norn. Norn var det norrøninspirerte talemålet som vart snakka på øya fram til 1700-talet. Særleg stadnamn og ord knytte til havet, til vêr og vind, stammar frå norn. At ein finn dikta prenta i originalform på venstresida i boka, har sine føremonar. Skriftbiletet er kanskje uvant for den urøynde, men gjevande og interessant å studere, især med tanke på språkleg slektskap og ikkje minst fordi ein anar klangbilete i originalen: «We ösed ta sweem da kye dere ivery simmer», som er omsett slik til norsk: «Vi brukte å symje kyrne dit ut kvar sommar».
Det er viktig at ein får omsett også slike dikt frå europeiske utkantar og randområde.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er fascinerande kor intenst dikta vert merkte av stadkjensla, utan å verte ekskluderande.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?