Lengten etter kvardag
Små dikt som har plass til draumar.
Dikt
Patrizia Cavalli:
Diktene mine vil ikke forandre verden
Gjendikta frå italiensk av Tommy Watz
Oktober 2019
Tittelen på diktboka til den italienske poeten Patrizia Cavalli, Diktene mine vil ikke forandre verden, står seg godt til dei lite prangande bøkene i Oktober forlags gjendiktingsserie, som vert redigerte av Rune Christiansen.
Diktene mine vil ikke forandre verden kom ut i 1974. Poeten Patrizia Cavalli vender seg her mot kvardagen, kanskje gjer ho det også med ein ironisk snert. Når dikta vender seg mot det tilsynelatande upoetiske og trivielle i tilvêret, og lader dikta med kvardagens umerkelege erfaringar, er det òg med eit medvit om at dikta snur seg bort frå den poetiske forventinga.
Frigjering
Om tittelen forsikrar oss om at det her ikkje er tale om eit opprør, representerer dikta likevel ei frigjering: Poeten forandrar den poesien som har neglisjert og oversett omverda og dei menneskelege erfaringane ho tilbyd. Det er som om poesien til Cavalli oppstår i gapet mellom den tradisjonelle biletpoesien og dei omverdsnære realitetane: «Marokkanerne med teppene/ ligner helgener men/ de er gateselgere». Dikta står altså planta i to leirar ved at dei uttrykkjer korleis den tradisjonelle poesien ber seg åt og korleis han fjernar ein frå verda.
Mange har peikt på begjæret og dei erotiske spenningane i dikta til Cavalli. Ein merkar det overalt, også i det vesle diktet om prestekragen, der blomen gjennom ei gjentaking vert ført attende til seg sjølv og det kroppslege. Med andre ord er det ikkje ein hardkokt og skildrande lyrisk realisme ein møter i dikta, for verda er framleis vikla inn i draumen og forventningane.
Lyrisk
Dikta til Patrizia Cavalli syg den tomme lufta or poesiens oppblåsne utsegner. Det er som om dikta krympar seg og gjer seg mindre enn dei er. Dette endrar også det kvinnelege eget, som mot slutten av boka så å seie viskar bort seg sjølv for å opne merksemda for verda, gjenstandane og språket. Jamvel om språkføringa og diksjonen er kvardagsleg, er dei små og unnselege dikta likevel også i høg grad lyriske, med sinnrike pauseringar, linebryting, rytmiske figurar og med eit utal referansar til den lyriske tradisjonen. Boka er klokt gjendikta til norsk av Tommy Watz, som gjekk bort no i januar.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta til Patrizia Cavalli syg den tomme lufta or poesiens oppblåsne utsegner.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?