BØKER
I førre veke var eg spent på å lesa bokmeldinga i Dag og Tid om Svend Brinkmanns nye bok, Ståsteder, etter å ha høyrt eit radiointervju med Brinkmann om lanseringa. Intervjuet gjorde meg nyfiken fordi Brinkmann kom med presise og sjeldne påpeikingar om vårt samfunn, og samtidig hadde han refleksjonar som eg stussa over. Difor vart eg skuffa og irritert over å oppdaga at bokmeldinga knapt handla om innhaldet i boka. Og at ho slett ikkje kom med kommentarar om kor vidt temaet boka tek opp, er eit relevant innspel i den offentlege samtalen.
Bokmeldinga i Dag og Tid hadde overskrifta «Lite hjelp til sjølvhjelp», og var signert Arild Pedersen, professor i filosofi ved UiO. Pedersen bruker mykje av bokmeldinga til å spinna rundt det ironiske i at Brinkmann tener pengar på ei sjølvhjelpsbok som kritiserer sjølvhjelpslitteraturen. Ei heilt grei påpeiking, men éi setning ville vore nok. Særleg fordi debatten til Brinkmann ikkje handlar primært om pengar som forfattarar av sjølvhjelpsbøker tener, saman med forlaga. (Kva ein tener pengar på, er ein interessant diskusjon, der ein kan ta for seg langt fleire enn forfattarar og forlag.)
Debatten Brinkmann reiser, handlar derimot om kva innhaldet i sjølvhjelpslitteraturen gjer med lesarane. Kva er det mange av sjølvhjelpsbøkene seier om det gode livet, og om ansvaret til den einskilde for å skaffa seg dette gode livet? Brinkmann utfordrar vår tids gjengse definisjon av kva som er det gode liv. Og ikkje minst, han diskuterer kor vidt ideala er realistiske og i tråd med menneska sine behov og livsvilkår.
Eg ville gjerne lese bokmeldaren sin kommentar til ei lita bok som gir seg i kast med så store spørsmål, for ei brei målgruppe. Men filosofiprofessoren går ikkje inn i dette. I staden spanderer han eit avsnitt på si overrasking over at ein danske kritiserer instrumentalisme, for han trudde danskar var spesialistar på å gleda seg over å gjera ting utan føremål, og at det er takka vera danskane at ordet «hygge» er tatt i bruk i England. Skal eg som lesar få hjelp til å forstå kva denne boka handlar om, ved å høyra bokmeldaren si førestelling om korleis danskar er? Og at poenget i boka ikkje stemmer overeins med førestellinga hans?
Nei, skal bokmeldingane vera verde å lesa, må dei handla om bøkene, konteksten og målgruppa for bøkene, og ikkje om meldaren.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen