15. januar 1956
«Dette at Bjørneboe har so mykje han vil ha sagt, svekkjer gjerne boki som kunstverk; eg veit ikkje.»
Teikning: May Linn Clement
Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924-1994, Samlaget 2000.
Lese igjenom Jonas av Bjørneboe. Denne boki har vekt mykje åtgaum i skulekrinsar og vore mykje umtala imillom folk. Og det er ei bok som ein bør lesa – og tenkja yver. Det er eit stridsskrift, og dette at Bjørneboe har so mykje han vil ha sagt, svekkjer gjerne boki som kunstverk; eg veit ikkje.
Nok er det at boki er full av eggjande tankar og synsmåtar og held deg fast frå ende til annan – som ein god roman skal gjera. Sjølvsagt, eg er ikkje skulemann, men eg er samd med forfattaren, eg, utan at eg nett veit kvifor. Eg var sjølv ikkje noko skuleljos og hadde det vondt mange gonger.
Ikkje for det, det var ikkje so strengt i ein landsens folkeskule for 40 år sidan som det er i ein byskule i dag, men likevel. Jonas lærde ikkje å lesa; og lærde ikkje å rekna og leid mykje alle åri i skulen for det.
Summen av det heile, kva er det? Jau, åndsens liv veks seint i verdi, endå i vår moderne tid med alle sine hjelperåder. Det gjeng ikkje an å trolla det fram. Det Bjørneboe krev, er respekt for åndelege realitetar. Me kan vanta mykje både i kunnskap og innsikt i åndelege ting, men me bør vita dei er til, og ha respekt for dei, alle, ikkje minst dei som er sette til vegvisarar for andre.
Sumt i denne boki kan ein vera usamd i. Det skin igjenom at Bjørneboe – det er forresten ikkje rett å segja at synspunkt som vert hevda av personane i ein roman, er forfattaren sine personlege meiningar, men eg veit kva standpunkt Bjørneboe tok i målstriden – ikkje er mykje glad i norsk mål. Han lèt nokre setningar koma på nynorsk, og det er like hjelpelaust og skralt nynorsk som Brekke og Torborg Nedreaas gjev att.
Merkeleg nok har Jon Bleie eit døme frå sine skuledagar som minner um ei hending i gymnaset hjå Bjørneboe. Um bondegutane som ikkje skyna det poetiske.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.