JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

17. oktober 1953

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2092
20230623
2092
20230623

Var austover ein 10 dagars tid. Låg fyrst på Voss, andre natti på Hønefoss. Veret var fint og Hallingdal var strålande haustfargar. Endå veldigare syntest eg Hadeland var. Kom i hug Wergeland og Jørgen Moe. Kor gløgt har dei ikkje set, kor norske var dei ikkje!

Kom til Oslo og såg fyrst rådhuset, syntest målarstykki i festsalen var reklameplakatar. Steinbileti på Vestsida, av Grimdalen, syntest eg var best. Vesaas, norsk, sa eg med meg sjølv med same eg såg tymberfløytarane. Og dyri på fontenen då! Dei levde i nåden, slik norske eventyraugo har set dei.

Og Harald Hardråde var ikkje berre den stride kongen, han bar, som ein konge bør gjera, riksidéen, rikstanken eller kongstanken som Ibsen segjer. Dette var berre det fyrste som slo meg. Kanskje det er ikkje rett. Mykje av den andre kunsten der er òg visseleg fin og verdfull.

So såg eg Vigelandshagen på Frogner. Kjende boki til Lødrup fyrr. Kan ingenting segja. Visseleg mykje verdfull kunst der. Formene er noko tjukke, men det skulle ikkje gjera noko frå eller til, det kan vera like verdfull kunst for det.

Elles var Haustutstillingen open i desse dagar, og eg syntest det var mykje fint der. Feste meg ved Kihle, nokre gode bilete. Elles var Schulz fin. Sørensen skynar eg ikkje heilt. Det er som han strævar med noko, men ikkje når det, kanskje er det eg som ikkje skynar det. Nokre bilete frå Lom i galleriet syntest eg svært godt um. Jau, han er fin.

Elles såg eg lenge på Hertervig og Stoltenberg og Balke og Isaachsen. Dei målar godt. Det stabbursloftet med åkledi lyt gleda alle, det er eg sikker på. Og so Munch. Munch er meir einfeld i sin kunst enn nokon annan. Trugen mot sitt indre syn og si indre kjensle.

Det er so mykje å sjå i ein slik stor by at ein heimføding vert reint ør, og det tek på å sjå so mykje på ein gong. I teatri gjekk mange stykke, eg såg berre Spöksonaten av Strindberg på det norske. Og det var ei stor hending for meg.

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis