JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

25. august 1962

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1670
20240607
1670
20240607

Aasmund Brynildsen: Det nye hjerte. Essays. Av og til kjem det ut gode bøker her i landet òg. Helst skjønlitteratur. Essays og filosofi er sjeldsynt vare her. Her er ei bok, ei uvanleg bok.

Forfattaren prøver skapa ein syntese, eit grunnlag for nyorientering i liv og kunst. Ikkje med å setja fram eit nytt subjektivt livssyn, men ved å halda fast noko av det som han meiner er det berande og avgjerande for mennesket, den åndelege arv me har.

Mange er åndsfrendane til Brynildsen; Alf Larsen, Hohlenberg, Alf Ahlin, Werfel, ja, rekkja er lang.

Brynildsen si bok er som torevêr, ho er myrk og trugande, her er kvasse lyn, men ho reinskar lufti.

Skal eg samanlikna henne med noka norsk bok, lyt det vera med Den kongelige kunst av Alf Larsen.

Me har enno dei som held elden brennande. Brynildsen lyfter vår åndelege arv. Han har lese mykje, men det har mange. Men det er fåe som tenkjer yver det dei les, det er det som er saki.

Denne boki er ein straumvendar, ho burde verta det! Tenk på eit lite stykke som «Verdens forberedelse». Der er sprengstoff, der! Upprør! Tenk på kva destruksjonskrefter som er i arbeid! Her er eit ålvorleg ord til dei som dømer um litteratur.

Og forfattaren har eit ord til kyrkja, eit ålvorleg ord. Les «Kirken – et tankekors». Etter ei lang soge um ånd og – form.

Denne mannen er ein som har gjenge til kjeldone. Du kan segja han er som ein gartnar: Han tumar seg nedetter og finn den friske veden, der det kan vera von um nye skot, og skjer nådelaust turkande greiner og kvister burt. På kulturtreet.

Det er heile treet si velferd og trivnad Brynildsen tenkjer på, treet med sterke røter attende i Jødeland og Grekenland.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis