JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

25. juni 1961

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2253
20230630
2253
20230630

Vaska klær. Elles regn, det har halde på ei vike no. Etter middag lese, um Obstfelder. Elles vandra upp og ned på golvet.

I kveld har eg bladt igjenom dikt frå ungdomsåri. Det er både ilt og sårt, men samstundes gledeleg òg, å sjå att ting ein skreiv i ung alder. Diverre har so mangt kome burt for meg, kanskje det beste eg skreiv i ungdomsåri er burtkome.

Eg misste det diktet alt tidleg, vel ein 3–4 år etter det vart til, eg kunde ikkje greida å setja det i hop att etter minnet; det vart skrive i 18-års alderen, tenkjer eg. Eg har eit rit av eit av utkasti, det er alt. Det var eit godt dikt, og eit langt dikt.

Men eg har berga ein 6­–7 sonettar eg skreiv då eg var tjuge; dei synest eg enno er gode, og det gled meg alltid å lesa dei uppatt. Dei er utruleg vel forma og faste, det viser kor langt eg var komen i den alderen, fyrr slaveåri i gartnaryrket tok til.

Eit stort dikt frå 19-års alderen, «Skalden» har eg òg berga. Det er djervt og kraftig, og ikkje dårleg skrive; eg kom til å skriva mykje skralare ting seinare. Elles har eg minder dikt frå 18–19 års alderen som òg er gode. Det var nokre gode år for meg, etter eg vart kvitt middelskulen til eg byrja på Hjeltnes. Då byrja nedgangen.

Frå tidlege ungdomsår, frå 15–16 års alderen har eg mange dikt, med alle dei lyte som arbeid i den alderen til vanleg har. Frå guteåri har eg òg dikt, eg kunde ikkje rima i den tid, men dikt laga eg like heilt.

Etter 21 års alderen, då eg var uppteken med gartnararbeid, vart dikti færre, og mykje dårlegare; eg var elles ikkje frisk heller i den tidi. Men eg laga ein del. Tri stykke stod i Sogningen. Sakfører Knopf var bladstyrar, det var ei gamal høgreavis som kom ut i Balestrand.

Det største diktet har visst kome burt, men dei tvo andre trur eg [eg] har, i alle fall det eine. Det var i 1933. Same året stod eit dikt eg hadde laga i Sogn Folkeblad. Det var Ivar Tveit som var bladstyrar. Det stend i Glør i oska. Det var «Ein ungdomssjel er lokk og lengt». Det er elles meir i det diktet enn ein skulde tru; meir enn kanskje eg visste då eg skreiv det.

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis