JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

5. desember 1962

Olav H. Hauge-dagbøkene: «I samanlikning med Rytter, vert Vogt og Wildenvey pasjelyrikarar.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2377
20240628
2377
20240628

Bokpakke frå Noregs Boklag, gåvebøker. Fyrst og fremst vil eg nemna den nye utgåva av Henrik Rytter. For ei herleg bok! Dette er den best gjenomarbeidde av utgåvone i lyrikkbiblioteket. Rytter hadde sjølv skipa samlingane fyrr han døydde. Og det er gut som har retta med hag og hard hand.

Det spørst um ikkje Rytter er den friskaste og friaste av dei fire store lyrikarane våre, og den som er mest miskjend. For ein diktar! Di meir ein kjenner til norsk og utanlandsk språk og litteratur, ser ein det! Eg skyna ikkje Rytter i ungdomsåri, anna stykkevis.

Um Rytter kan ein i sanning segja at han vov stor dikting av kavnorsk stoff, for å herma Nielsen. Det er gut som ikkje er redd norske ord! Og for meg valdar dei ingen vanske, eg kjenner dei, eg gler meg yver dei.

Ein les utanlandske diktarar – og det er bra og vel, men det trengst at ein gjer seg fri frå dei òg. Det har Rytter gjort. Han vart ingen slave av dei. Arbeidet med Shakespeare har lært han eitt og anna, ver du viss!

Nei, dei kunde dikta dei karane. Eg meiner Rytter, Aukrust, Uppdal og Ørjasæter. Skrede er den [som] har halde best på lina og arven. Vesaas og Bruheim er mjuke og fine lyrikarar, og det er òg norsk. Det kan vera stort det stillfarande òg. Men i samanlikning med Rytter, vert Vogt og Wildenvey pasjelyrikarar.

Desse fire store, dei har lagt svart etter seg, og det har vore tungt å skriva i nynorsk dikting etter dei. Dei yngre laut søkja andre vegar og prøva seg på andre måtar. Og det har dei gjort kvar på sin måte. I grunnen er det berre Skrede som har våga, eller vore modig nok, til å halda fram som dei stemnde. Han har greidt det. Men, – tidi er sikkert inne til å søkja halda fram sentrallyrikken att. Det kan gjerast på mange måtar.

Dette vilde Egil Skallagrimson sagt var dikt! Dei islendingane som Orgland har sett um, er det ikkje sagt han vilde tykt mykje um.

Rytter elska ord, har det vorte sagt, men det syner nett diktaren. «A poet is, before anything else, a person who is passionately in love with language,» segjer Auden ein stad. Eit so lite dikt som «Elvegut», er ikkje det makelaust?

Denne boki kan N.B. sandeleg vera byrg av. Rytter stend [ikkje] i skuggen av nokon. Nygard, so fin han var, var noko bunden av klassiske fyrebilete.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis