«Me hadde tri sermerkte lærarar i Ulvik i min ungdom.»
Teikning: May Linn Clement
Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.
22. november 1956
Siste vika har eg vore i eit fælt humør. Forkjøling, svimmel. Og sjølvsagt har det ikkje vorte gjort noko. Korkje ute eller inne.
Av andre ting som eg kan ha hug å nemna er at eg har lese Bøddelen av Lagerkvist. Ein visjon kunde ein kalle det, tvo psykiske tidsbilete, der han, bøddelen i den raude kappa, symboliserar det styggaste i mannehugen, å slå i hel alle som ikkje trur og tenkjer som du. Til slutt segjer han sin profeti: menneskja vil koma til å øydeleggja seg sjølv, og det einaste som er att etter dei er skarprettarsverdet. Øverland har sett um boki og han kan slikt.
Når eg las denne boki av Lagerkvist, kom eg til å tenkja på at eg har sjølv vore inne på same tanken, og kven lyt ikkje det, i ei slik tid?
Dagbladet har ein diskusjon. «Kejsaren och poeten», eit høyrespel av Werner Aspenstrøm gjekk i kringkastingi i kveld. Godt. Framifrå. Ekte svensk. Tanketungt. Men poetisk og vakkert, vakkert som mykje av svenske dikt. Fylt av friske merkelege bilete.
Når vert du fri? Når skal du byrja dikta, det vil segja skriva dikt berre um det sviv deg, det som er vakkert? Når? Mykje av norske dikt er so gråe, so tunge, kanskje fordi vilkåri er so fatigslege.
Lærarar. Me hadde tri sermerkte lærarar i Ulvik i min ungdom. Av dei var V. den som eg har størst vyrdnad for. Alle var intelligente og dugande menn, det veit alle, men V. skilde millom det som var noko, og det som ikkje var noko, millom vesentlig og uvesentlig som det heiter på riksmål, det gjorde ikkje dei andre. Og det er sjeldan å møta slike menn, dei er fåe; eg meiner det merkar skilnaden millom «the superior» og det vanlege evnenivå. Ikkje alle skynar dette.
Denne evna merkte òg all undervisningi hans. Hjå dei andre var ikkje linor. Har ikkje ein lærar evne til å skilja millom det som er noko og det som ikkje er noko, har han heller ikkje respekt for det som er noko, og kan heller ikkje vera nokon god lærar. Serleg gjeld dette soga. V. er ein slik mann som skilde millom det som er noko og det som ikkje er noko. Difor var det meining og linor i sogeundervisningi hans.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.