JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Olav H. Hauge-dagbøkene: 23. januar 1965

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2009
20241018
2009
20241018

Det slær ein når ein les Stagnelius, kor stort spenn anden hans hadde, og kor djerv boge han gjorde, og det i sitt stutte liv. Dei største spursmål eit menneske kan møta, såg han modig i augo. Um han løyste dei, kan eg ikkje segja noko um, han laut vel finna seg i å forsona seg med den umogelege lagnaden, han som andre.

Han kjende tidleg «den svarta orons dämon som följer allas ljåt». Her liknar han Nerval og Baudelaire. Frå ungdomen påverka av kristendomen, og seinare ved studiar av gnostisismen og urkristendomen og mystikarane fram gjenom tidene, stod han til slutt, som mange andre, framfor spursmålet um ikkje heile religionen og metafysikken i grunnen var eit svik, draumar bygde av fortvila ætt.

Det er beisk røynsle og tunge stunder. Og eit einsleg menneske stend truga av åndeleg død. «... denne oplevelsen er menneskeåndens Gethsemane, innvielsen til den fullkomne ensomhet og forlatthet, til den tilstand da enhver fadertanke og opphavstro virkelig har forlatt oss, da vissheten om et hjem også for sjelen og ånden i oss virkelig er utslettet,» skriv Brynhildsen i essayet um Stagnelius.

Kanskje denne tilstanden er «sjelens mørke natt», som Johannes av Krossen kallar han. Det er vel denne tilstand Nerval har gjeve oss ein tokke av i sonettane «Le Christ aux Oliviers». Baudelaires «Le Gouffre» kan ein nemna i denne samanhengen, der Pascal er startpunktet. Han, veit me, greidde yvervinna tvilen og venda attende til si barnetru. Men han stod òg andlet til andlet med tomleiken og botnløysa.

Skulde eg nemna meg sjølv her, gjekk min gang frå tru til platonsk Wergelands-tru i ungdomen til Russell og hans likar etter 20-årsalderen. Etter 35-årsalderen byrja leitingi atter, grundigare, gjenom mystisk religion; til slutt, etter 50-årsalderen svinga eg yver til ein resignert, ventande, veit-ikkje-stilling. Det ser ut til at Ekelunds heltemod er det einaste som kan halda ein uppe. I dikti mine trur eg denne lina kan lesast av.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis