Sjeler som ventar på å vakne
Isabella Hammad skriv brennaktuelt om politikk og kunst.
Isabella Hammad er fødd og oppvaksen i eit palestinsk område i London.
Foto:
Roman
Isabella Hammad:
Gjenferdet inn
Pelikanen
«Selv om jeg ikke kan bo der, vil sjelen min våkne opp igjen hvis det blir en palestinsk stat», seier ein person i Gjenferdet inn. Å lese ein roman om uretten gjord mot palestinarane før dei vanvitige hendingane dei ni siste månadene, kan verke nedslåande. Kvar dag møter nyhenda oss med bilete frå Gazas ufattelege gru. Skjønnlitteraturen har likevel ein eigen styrke. Ein roman set seg under huda på ein heilt annan måte.
Palestinsk-britiske Hammad fekk mykje ros for romanen Pariseren i 2019, også den om palestinske lagnader, lagd til førre hundreåret. Gjenferdet inn er frå i dag, handlinga skjer nokre sommarveker ikkje så lenge før den siste katastrofen for det palestinske folket, den som akkurat no eksploderer rundt dei dag og natt.
Ingen tvil om at Hammads bok er brennaktuell. Gjenferdet inn har likevel nokre svake sider. Og er det blitt ei god bok på norsk?
Gjenferd og politikk
Trettiåtte år gamle Sonia er palestinsk-britisk og bur i London. I opninga har ho nettopp landa i Israel og må gjennom eit langt forhøyr og strippe framfor ein betjent, som om ho var ein mogleg statsfiende. Sonia skal besøke systera i Haifa, det er mange år sidan sist. Opphaldet blir meir dramatisk enn ho såg føre seg. Det blir intenst, personleg, profesjonelt og politisk. Sonia er skodespelar, og skildringane av arbeidet med å levandegjere og gestalte ein fiktiv karakter er noko av det Hammad lykkast aller best i.
At noko er ròte i staten Israel, er underforstått. Og det er nettopp Hamlet den modige regissøren Mariam vil setje opp på den okkuperte Vestbreidda (romantittelen er frå Shakespeares skodespel). Sonia blir snart ein del av ensemblet. Under arbeidet med speleprøver og førebuing får ho erfare korleis den spente situasjonen gjennomsyrer heile tilværet for alle som bur og arbeider her: Kontrollstasjonane dei stadig må gjennom, sjølv på reiser på få kilometer, der dei unge israelske soldatane ofte utset dei for ubehag og audmjuking. At dagen sjeldan blir som planlagt. At ein alltid må vere på vakt og har lite rom for spontanitet.
Forfattaren set også fingeren på konfliktar mellom palestinarane sjølve. Under arbeidet med teaterframsyninga byrjar det å koke av mistru og sjalusi mellom dei som bur inne i sjølve Israel (eller «48» som dei kallar landet, etter året for opprettinga av denne staten), og dei som lever under tøffare kår i leirane i dei okkuperte områda.
Eit viktig tema blir: Er det i det heile tatt mogleg – eller tilrådeleg – å lage kunst i ein slik situasjon?
Innfløkt
«48» blir forklart i ei knapp ordliste bak i boka. Lista burde ha vore mykje lengre! Romanen vrimlar av omgrep som ein må ha spesialkunnskap for å fatte. I tillegg er strukturen kompleks, med fleire tidsplan og mange personar. Sonias eg-forteljing vekslar mellom den intense notida, bittersøte barndomsminne frå somrane i Haifa og enkelte tilbakeblikk til skodespelarlivet i London. Attpåtil blir forteljinga iblant broten av med tekst i dramatisk form, med replikkar og scenetilvisingar. Dette gir romanen ein litt for fragmentarisk struktur. Derimot tykkjer eg dei mange Hamlet-sitata mot slutten bidrar til spenninga som lagnadstungt går mot eit blodig crescendo, parallelt på scena og i røynda rett utanfor.
Omsetjinga er full av anglisismar. På norsk seier vi då framleis å spele ei rolle, ikkje «å gjere»? Og «understudy» er det same som ein reserve, kvifor ikkje bruke det? To personar er nære i ein tett relasjon, fleirtal her. Og kva er «ein dekk»?
Konklusjonen blir dermed at Hammad lykkast i å vekkje merksemd om palestinarane si sak, dette er ei bok til å vakne av. Likevel meiner eg den i overkant kunstferdige forma skuggar for den krutsterke bodskapen. Ikkje minst burde Pelikanen ha tatt seg betre tid med språkarbeidet.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.