Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Tur til Polen 3

Olav H. Hauge-dagbøkene: «Jau, soldatar ser ein, men ikkje som stend vakt, helst slike som har fri.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2242
20240516
2242
20240516

25. april: I dag gjekk turen til Saltgruvone sønnafor Krakow. Dei er vidgjetne, dei mest sermerkte gruvor i verdi, segjest det. Me var ned 150 m., gjekk gjennom fire etasjar, men under oss grov dei ut salt i fleire etasjar under oss. Etterpå var me i ymse museum, der er so mange musé. Og eit utal av kyrkjor.

Me såg inn i fleire av dei. Folk låg på kne og bad, sume stader skrifta dei. Me fylgde ei messe òg. Prestar, munkar, nonnor. I det heile eit rikt kyrkjeliv, som i alle katolske land. Politi og militære såg ein heller lite av.

Jau, soldatar ser ein, men ikkje som stend vakt, helst slike som har fri. Um kvelden ringde Bodil til Piotr, den dokteren Refsdal hadde sagt me skulde ringja til. Han kom, og me drakk kaffi i klædehuset på torget.

Etterpå fylgde han oss til kjellaren under rådhustårnet, der var restaurant. Og ein slik har eg aldri set. Det var dei gamle fengselskjellarane som var laga til. Veldige kvelvar, smog og smette.

Der såg middelaldersk ut. Men var vel ikkje so festleg i gamal tid. Me drakk mjød der, ein myrk sterk drykk, vin med honning. Eit lag med sigøynarar song og spela. Ein festleg kveld. Piotr var ein ung venleg mann, nett ferdig som spesialist i indremedisin. Snakka godt engelsk.

26. april: Og i dag har me vore på Wawel. Me fekk ein mann som snakka godt engelsk og som visste alt um slottet, til å visa oss rundt. Me fekk endåtil sjå avdelingar som elles ikkje folk flest fær sjå. Ja, dette renessanseslottet kan mæla seg med kva som helst av staselege slott i verdi. Det er storslege. Me såg òg etnografisk museum, samlingar med målarstykke, kyrkjekunst og mangt anna. I morgon gjeng turen til Zakopane.

Vart ikkje noko av turen til Zakopane. Regn. Stridregn, so me for i byen og dreiv til nonstid. Då tok me toget til Warsawa. Det var seks timar, endå det køyrde fort i flatt land. Litt høgder og åsar er det rett nok rundt Krakow, men dei er låge. Med gardar alle stader og engjer og åkrar i det endelause. Polen er jordbruksland.

Me kom fram kl. 10 um kvelden. Fekk rom på Metropol, eit stort hotell midt i byen, i nærleiken til Kulturpalasset. Fint rom. Dette var 27. april.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis