JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Tur til Polen 4

Olav H. Haugedagbøkene: «Fekk oss middag, god mat til liten pris, etter norsk rekning. Har ein dollar, er det lett å veksla på ulovleg vis.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2156
20240524
2156
20240524

28. april: Ut i byen til ymse kontor på jakt etter visumet. Fåfengt. Guiden vår leita og spurde etter òg, men nei. So no fær me venta til måndag, eg lyt få eit nytt.

Me gjekk og såg det historiske museum i Stare Miasto. Etterpå flytte me til nytt hotell, til det me fyrst budde på. Fekk oss middag. Etterpå gjekk me yver brui til Praga, der er det ein zoologisk hage. Mange digre tre. I morgon til Lodz.

29. april: Til Lodz. Toget, 2. kl. Og fullt. Ikkje råd å få sitjeplass, det var å stå. I Lodz såg me eit tekstilmuseum. Eit velskipa, godt ordna museum, som viste alt um spinning og vevnad frå gamal tid til i dag, gogner og maskinor. Der var òg ei stor samling biletvev.

Fekk oss middag, god mat til liten pris, etter norsk rekning. Har ein dollar, er det lett å veksla på ulovleg vis. Med same me kom, var det ein mann som var på meg : «Change money?» spurde han. Eg svara nei. Men på den måten fær ein 120 zloti for 1 $. Kelnarar driv mykje med slik veksling.

Piotr gav meg 1200 z for 10 $. Lovleg veksling er 30 z for 1 $. Vekslar ein ulovleg, kan ein leva billeg her. Norske kronor er lette å veksla.

30. april: Dei har fyrebutt seg på 1. mai sidan fredag, i dag er det måndag, då kom flagg upp på alle bygningar i byen. Og i dag stend høgtalarane på. Ein og annan har alt teke til å høgtida dagen, dei ragar ikkje so lite alt.

Soldatar ser ein meir av no, og militære køyrety samlar seg til den store paraden i morgon. På plassen utanfor Kulturpalasset har dei sett upp store tribunor.

Dagen gjekk til trakk og tøv. Me var på eit kontor fordi eg hadde mist ein setel som var eit vedlegg til passet. Dama lo, passet var fullgodt, eg kunde reisa som eg vilde, den setelen gjorde ikkje frå eller til.

Men eg fylte ut ein ny, som ho stempla. Me var elles til topps i Kulturpalasset, 30 høgder upp, der er vidt utsyn yver byen. Det er elles sjeldan heilt klårt, det ligg lett dis eller moe i synsrandi rundt.

I kveld var me inne i ein kjellar i Stare Miasto, drakk mjød, den er god, søt og sterk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er ikkje enkelt å vita korleis ein styrer det offentlege helsevesenet godt, men helseminister Vestres meir pragmatiske linje gjev litt von, skriv Lars Kolbeinstveit.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte

Folk flest ynskjer eit godt samfunn

«Likskap er vanskeleg å få til om det offentlege skal driva alt sjølv.»

LarsKolbeinstveit

Står du i ein lang kø, kan det kanskje freiste å snike.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Snikmyrda snok

Snika har snike seg unna denne spalta lenge nok no. Eller er det dei andre orda som har snike i køen?

Stormakta USA og småstaten Noreg har ikkje same interesser, minner Gro Eriksen og Ingegerd Austbø om. Foto frå eit Nato-møte i Litauen i 2023.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ordskifte

Noreg gjer som USA vil

«Truleg kan USA lagra atomvåpen på basane i Noreg dersom USA finn at det er strategisk viktig.»

Breispektra: Barbie kan brukast til det meste – også til å selje fruktdrikk til born.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Fruktdrikk til born

Å halvere fruktinnhaldet i fruktdrikk er ikkje noko helsemål. 

Feature

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis