Olaug Nilssen blir fagna av målfolket.
Foto: Bent R. Synnevåg
Litteraturpris til Olaug Nilssen
Olaug Nilssen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2017 for boka Tung tids tale. Boka er gjeven ut på Samlaget. Det er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag som står bak prisen, som er på 30.000 kroner. Prisen vart delt ut på landsmøtemiddagen til Noregs Mållag førre laurdag.
Årets tidsskrift
Norsk tidsskriftforening har kåra årets tidsskrift. Vinnaren er Tidsskrift for Den norske legeforening og sjefredaktør Are Brean. Dei får skryt for å utvikle ein fagterminologi på norsk og for å leggje ut alt stoffet gratis tilgjengeleg på verdsveven.
Andre prisar blir òg delte ut 26. april: Tidsskriftet Samtiden og redaktør Christian Kjelstrup får pris i open klasse for «kreativ posisjonering og rekruttering av nye stemmer». Pris for godt design 2018 går til A New Type of Imprint og redaktør Veronica Mike Solheim.
Diktartavla til Einar Økland
Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Einar Økland med Diktartavla 2018.
Når Økland får diktartavla si på Diktarstien på Utne i juni, er atter eit viktig forfattarskap på plass i rekkja av sentrale poetar i samtida. Han går inn i rekkja av markante poetar som Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Cecilie Løveid og Øyvind Rimbereid.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Litteraturpris til Olaug Nilssen
Olaug Nilssen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2017 for boka Tung tids tale. Boka er gjeven ut på Samlaget. Det er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag som står bak prisen, som er på 30.000 kroner. Prisen vart delt ut på landsmøtemiddagen til Noregs Mållag førre laurdag.
Årets tidsskrift
Norsk tidsskriftforening har kåra årets tidsskrift. Vinnaren er Tidsskrift for Den norske legeforening og sjefredaktør Are Brean. Dei får skryt for å utvikle ein fagterminologi på norsk og for å leggje ut alt stoffet gratis tilgjengeleg på verdsveven.
Andre prisar blir òg delte ut 26. april: Tidsskriftet Samtiden og redaktør Christian Kjelstrup får pris i open klasse for «kreativ posisjonering og rekruttering av nye stemmer». Pris for godt design 2018 går til A New Type of Imprint og redaktør Veronica Mike Solheim.
Diktartavla til Einar Økland
Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Einar Økland med Diktartavla 2018.
Når Økland får diktartavla si på Diktarstien på Utne i juni, er atter eit viktig forfattarskap på plass i rekkja av sentrale poetar i samtida. Han går inn i rekkja av markante poetar som Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Cecilie Løveid og Øyvind Rimbereid.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.