Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4105
20170217
4105
20170217

Det er ikkje berre presidentar som sit med makt i verda. Denne gongen fekk eg fleire døme på at ein liten boklækjar òg kan vere med på å inspirera dei som vil høyra. No har eg ikkje noko mål om å verta ein Donald-figur her i det gåtefulle, men fakta – ikkje den alternative utgåva – er at mange av innsendarane har vore hjå ein bokhandel og fått med seg dagens løysingsbok heim.

Ein som har vore under påverknad frå spalta her, er Laurits Killingbergtrø. Han skriv: «Eg må vedgå at eg var i beit denne gongen, så eg tok turen ned til Norli bokhandel. Der gav eg meg til å endefare alle hyllene med nyare romanar på jakt etter ein boktittel med noko nordlandsk i. På nedste hylla (sjølvsagt) stod Lofotveggen, men no står ho i mi eiga bokhylle. Forfattaren av boka er Stig Aasvik. Hovudpersonen i Lofotveggen skildrar alle dei mangslungne hendingane i jeg-form, og slik kunne ein tru at alt er sjølvopplevd. Men i desse tider med noka fri grense mellom realitet og fri dikting kan ein ikkje vere viss på det heller. Det gjer ikkje meg noko, for boka er fengslande lesnad kor som er.»

Fleire innsendarar gjer merksam på at løysingsboka fekk applaus i laurdagsutgåva (28/1) av Klassekampen. Ei som held to gode aviser er Jorunn Hjelle: «Denne gongen fekk eg uventa hjelp frå Bokmagasinet, som kom til laurdagsfrukosten like etter at eg hadde lese Klok på bok for denne veka. Der står ‘Skrifta på veggen’! Forfattaren vi skal fram til, er Stig Aasvik, fødd 16. mars 1970, dagen etter at Vesaas døde. Og romantittelen er Lofotveggen!

Dette er fjerde romanen hans etter debuten i 2004. Ifølgje forlaget er det ein ‘kompleks, musikalsk, mørk, drømmende og lyrisk fortelling om å være menneske, her og nå’. Det var tekstreklamen. Eg ser at andre omtalar boka som ein ‘danningsroman’, den fortel om fortid og notid i ein medvitsstraum utan ytre handling.

Bokmeldaren i Bokmagasinet likar det han les. Han føler seg inkludert i teksten, og Aasvik maktar å røre ved han på ein måte som heng i etter at boka er lesen ut. Forfattaren si førre bok, Indre anliggender, er av somme utropt til ei av dei fem beste bøkene i 2012. Her, kanskje inspirert av ein no avdød fransk forfattar, byrjar Aasvik alle setningane med ‘Jeg’. Det dreier seg om han sjølv og nære relasjonar, utan at han blir omsynslaus og krenkande i si sjølvutlevering (i motsetnad til ein annan norsk forfattar ...).»

Dei som ikkje møtte veggen, men fann fram til Aasviks fine bok, var: Lars Helge Nilsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Tor Inge Myren, Laurits Killingbergtrø, Ivar Amdal, Erling Killingbergtrø, Audun Sjøstrand, Torleiv Kløve, Jorunn Hjelle, Fru Burmann, Sidsel Spilde, Olav Holten, Rannveig Nordhagen, Per Skjæveland, Inger Anne Hammervoll, Else Bovim, Jan Kløvstad, Ingebjørg Sogge, Laurits Killingbergtrø, Gjertrud Fanebust, Eli Søyland, Jon Olav Myklebust, Gunder Runde, Pål Amdal, Guro Funjem, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Solfrid Vestli, Audun Gjengedal, Kirsten Bakke, Olav Molven, Per Olav Skjevdal, Marianne Dahl, Ståle Ritland, Laura Killingbergtrø, Sissel Gunnarshaug, Håvard B. Øvregård, Turid Tirevold, Jorunn Kleppe, Anne-Marie Grønhaug, Fritjof Lampe, Eirik Holten, Per Trygve Karstensen, Odd Storsæter, Ola Sletvold, Petter Kristensen, Marit Lindberg, Inger Margrethe Berge, Ove Bjørkhaug, Tvillingene og Kristian Staveland. I dag er det Laurits Killingbergtrø som får ein bokpremie. Gratulerer!

Til sist tar eg med noko som kan lesast som ei oppmoding til alle frå Anne-Marie Grønhaug: «Nå kan jeg lene meg tilbake i godstolen og nyte en rykende fersk bok!»

Klok på bok 1278

Det siste jeg sa til henne, sa jeg med sint stemme. Jeg sa ikke en gang ha det. Hun ropte på meg, men jeg hørte ikke. Damen med den brune minkpelsen fortalte meg at barnet hadde ropt mamma tre ganger, vinket og løpt ut i veien.

Sitatet er frå side 141 i boklækjarutgåva (2003). Me skal fram til ei norsk forfattarinne. Tittelen på romanen kunne vore Sendebod av kunstfiber, men det er han heldigvis ikkje. Send namn på forfattarinne og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 17. februar.

MEDIKUS LIBRI

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis