JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Meir enn færing og Hamsun

Karl Erik Harr er ikkje berre nordnorsk dekorasjon. Tommy Sørbø fortel om mobbing i barndomen og peikar på det evige i kunsten hans.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tommy Sørbø viser fram høgdepunkt i Karl Erik Harrs kunstnarskap, som «Gunnarholmen, Svolvær» frå 2004.

6157
20240802
6157
20240802

Sakprosa:

Tommy Sørbø:

Karl Erik Harr. Å fange en bølge

Orfeus 2024

Alle veit kven kunstnaren Karl Erik Harr er. Namnet vekkjer assosiasjonar til Nord-Noreg, til Knut Hamsun og Petter Dass, til færingar og naust. Det finst tallause kunstverk av Harr, som bokillustrasjonar og som kunst i offentlege bygningar. Då eg arbeidde fem år ved Nord universitet, campus Bodø, og åt på kantina, såg eg rett på eit målarstykke med motiv frå Hamsuns Benoni og Rosa. Det dekte ein heil vegg.

Nord-Noreg og Harr har vorte så einstydande at dei figurative målarstykka med tradisjonelle motiv har gått over i reine illustrasjonar av landsdelen for mange. Det kjem òg av at Harr til tider nesten har hatt monopol på nordnorske utsmykkingsoppdrag.

Men kva veit vi eigentleg om mannen, om Harr som kunstnar – med djupn og eksistensielt program på lik line med store namn som J.C. Dahl og Edvard Munch? Faktisk er særs få verk av Harr innkjøpte ved store museum. Har ikkje kunstverka hans djupare meiningsnivå? Det har kunsthistorikaren Tommy Sørbø sett seg føre å prove for lek og lærd. Resultatet er Karl Erik Harr. Å fange en bølge – eit rikhaldig verk om Harrs liv og kunstnarskap, der Sørbø har valt ut ei rekkje målarstykke som han analyserer med fagleg innsikt. Boka har vorte eit standardverk om Karl Erik Harr – på lik line med autoriserte katalogar over kunstverka til målarar som Rembrandt og Nerdrum.

Mobbing og sjukdom

Fyrst fortel Tommy Sørbø om barndom – med ei attkjennande soge for mange menneske som har tydd til kreativitet som ein utveg: barndom i Harstad med utanforskap på grunn av mobbing og sjukdomstid med tuberkulose. Harr vart plaga på grunn av ein ganespalte-operasjon som førte til ein nasal uttale. Til og med faren gjorde narr av son sin. «Utan mobbing, ingen kunst», seier Harr om barndomen, og viser korleis han gjorde denne veikskapen om til ein styrke. Gjennom teikning og forteljing ville han vise omverda at han dugde til storverk.

Berre denne historia fortener å lyftast fram av pedagogiske omsyn, ikkje minst i skulesamanheng, der psykisk helse har vorte eit viktig tema. Talentet vart oppdaga, og alt som femtenåring fekk Harr sitt fyrste utsmykkingsoppdrag på Harstad folkeskole – eit murbilete som minner om kunsten til dei norske freskemålarane, som Axel Revold.

Her finn vi òg opphavet til både den dekorative og særleg den forteljande målarstilen til Harr. Nordlendingen reiste til Oslo, der han utdanna seg i bokkunst ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, deretter ved Statens kunstakademi. Han skreiv òg ofte i tidsskrift. Sørbø peikar difor på Christian Krohg som eit viktig førebilete for Harr – ikkje berre som marinemålar, men òg som forteljar. Harr har gjeve ut ei rekkje bøker med kulturhistorisk innhald.

Moderne og tidlaust

Tommy Sørbø tek så føre seg kunstverk etter kunstverk, samtidig som han gjev eit kronologisk oversyn over karrieren til Harr. Lesaren blir overraska over bilete med seksuell frigjering som tema, saman med mange teikningar av familie og vener av kunstnaren.

Eit kunstverk som tok meg, er «Gunnarholmen, Svolvær» frå 2004, som er unikt ved at synsvinkelen er plassert høgt over bakken. I det fjerne ser vi ein moderne fiskebåt – ikkje den typiske Harr-færingen – og likevel har dette biletet eit tidlaust preg. Målarstykket «innbyr en kontemplasjon over det guddommelige i naturen», skriv Tommy Sørbø.

Andre kvalitetar Sørbø peikar på, er det faktum at den figurative stilen ofte har skulpturelle kvalitetar, og det fører oss vidare til stoffoppfatninga hjå Harr. Eit målarstykke av ei loftsbygning i Seljord vitnar om teknisk kunnskap om lafting. Her ligg nok òg grunnen til Harrs popularitet. Alle bileta hans av færingar og fiskereiskapar, som kleppar og kavlar, talar til nordnorske handverkstradisjonar og identitet. Dette er noko folk med naust og bryggjer enno fulle av reiskapar frå eldre generasjonar kjenner seg att i.

«Da Harr ble harry»

Dermed er vi òg inne i suksesshistoria til Karl Erik Harr. Det handlar om timing. Karl Erik Harr råka ei tidsånd på 1970-talet: distriktsopprør, nordnorsk visebylgje og interesse for historie og røter. Harr møtte kritikk for den figurative stilen, men innhaldet i kunsten var i pakt med tidsånda, og han fekk mange oppdrag og vart ei kjend røyst på NRK.

Tommy Sørbø nyttar mykje plass på å forklåre kvifor Harr ikkje fann plass hjå kunsteliten. På 1990-talet blir «røter» bytt ut med «føter»: I den postmodernistiske tidsalderen, «da Harr ble harry», vart kunsten hans bytt ut med Skulpturlandskap Nordland – kunst som skulle stå for oppbrot og ironi. Eit prosjekt eg sjølv minnest frå ungdomstida. På heimstaden min, Brønnøy og Sømna, vart eit badekar plassert som kunstverk i fjøra. Det fekk utilsikta «føter», for floda førte det til havs.

Tommy Sørbø argumenterer overtydande imot ei rekkje postmodernistiske teoretikarar i boka. Men eg undrast samtidig på korleis Harr passar med tidsånda i vår tid, med ny vekt på identitet. I samband med Nord-Noreg handlar det om identiteten til samar, som ideala til Harr, Petter Dass og Knut Hamsun, portretterer i bøkene sine.

Samtidig saknar eg ein presentasjon av Tommy Sørbø, større enn den nesten usynlege forfattarpresentasjonen sist i boka. Mangelen på presentasjon gjer at lesaren i byrjinga undrast på kven «jeget» er som talar, Harr eller Sørbø. Eg saknar òg attgjeving av bilete av kunstnarar som Sørbø nemner undervegs, som syskena til Karl Erik, kunstnarane Jan og Eva Harr.

Forstår vi bakgrunnen til Sørbø, forstår vi òg kvifor han var den rette til å skrive denne boka. Det har med sosial bakgrunn å gjera. Som Sørbø skriv, har idealet til eit «opplyst middelklassepublikum» vore kunst «som en mer eller mindre automatisk avspeiling av samtiden», medan folk frå arbeidarklassen enno har evna til å leva seg inn i ein historisk identitet som rommar både verda til oppkomlingen Benoni og neskongen Mack. Difor er Tommy, som voks opp i Hydrorøyken i Porsgrunn, den rette mann til å presentere Karl Erik frå Harstad.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis