Foto: Jan Haas / NTB scanpix
Meir nynorsk sakprosa for barn
Talet på nynorske faktabøker for barn er firedobla i løpet av dei siste to åra, frå tre utgjevingar i 2015 til minst tolv i 2017. Det syner tal magasinet Pirion og nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no, har henta inn frå dei største forlaga. Samlaget står bak ti av utgjevingane i år, medan Gyldendal har gjeve ut to faktabøker på nynorsk i 2017. Samlaget har planar om sju nye sakprosautgjevingar for barn til neste år, medan Gyldendal førebels har planar om å gje ut éi sakprosabok på nynorsk i 2018.
Lokale bøker under treet
Posisjonen til lokalbøkene har vorte svekt i det kjededominerte bokhandlarmarknaden, men lokalboka er langt frå død, melder nettstaden BOK365. I Tynset bokhandel og Aksdal Bok og Papir var det lokale utgjevingar som toppa salslistene før jul. Årbok for Nord-Østerdal var den mest selde boka på Tynset, der òg halvparten av topp 20-lista var utgjevingar frå lokale forfattarar og foreiningar. Hjå Aksdal Bok og Papir låg den lokale Vindetreet 2017. Sogeskrift for Vindafjord på salstoppen.
Forfattarar kan tape på brexit
Amerikanske forlag kan verte større konkurrentar for britiske forlag når Storbritannia går ut av EU. I dag har britiske forlag eksklusive rettar i Europa som følgje av EU-medlemskapen, seier Nigel Newton, som er konsernsjef for Bloomsbury – forlaget som har sendt Harry Potter-bøkene ut i verda.
– Når Storbritannia ikkje lenger er del av Europa, er det mogleg det vert ein meir delt marknad med amerikanske forlag. Det er eit potensielt problem at fleire amerikanske utgåver av bøker då kan kome inn på kontinentet.
eva@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Meir nynorsk sakprosa for barn
Talet på nynorske faktabøker for barn er firedobla i løpet av dei siste to åra, frå tre utgjevingar i 2015 til minst tolv i 2017. Det syner tal magasinet Pirion og nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no, har henta inn frå dei største forlaga. Samlaget står bak ti av utgjevingane i år, medan Gyldendal har gjeve ut to faktabøker på nynorsk i 2017. Samlaget har planar om sju nye sakprosautgjevingar for barn til neste år, medan Gyldendal førebels har planar om å gje ut éi sakprosabok på nynorsk i 2018.
Lokale bøker under treet
Posisjonen til lokalbøkene har vorte svekt i det kjededominerte bokhandlarmarknaden, men lokalboka er langt frå død, melder nettstaden BOK365. I Tynset bokhandel og Aksdal Bok og Papir var det lokale utgjevingar som toppa salslistene før jul. Årbok for Nord-Østerdal var den mest selde boka på Tynset, der òg halvparten av topp 20-lista var utgjevingar frå lokale forfattarar og foreiningar. Hjå Aksdal Bok og Papir låg den lokale Vindetreet 2017. Sogeskrift for Vindafjord på salstoppen.
Forfattarar kan tape på brexit
Amerikanske forlag kan verte større konkurrentar for britiske forlag når Storbritannia går ut av EU. I dag har britiske forlag eksklusive rettar i Europa som følgje av EU-medlemskapen, seier Nigel Newton, som er konsernsjef for Bloomsbury – forlaget som har sendt Harry Potter-bøkene ut i verda.
– Når Storbritannia ikkje lenger er del av Europa, er det mogleg det vert ein meir delt marknad med amerikanske forlag. Det er eit potensielt problem at fleire amerikanske utgåver av bøker då kan kome inn på kontinentet.
eva@dagogtid.no
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?