Midt på finaste treet
Enkelte filmar gjer eit uutsletteleg inntrykk. Colette er på ingen måte ein av dei.
Keira Knightly spelar hovudrolla som Colette, inspirert av ei sann historie.
Foto: Giles Nuttgens / Norsk Filmdistribusjon
Biografisk drama
Regi: Wash
Westmoreland
Colette
Med: Keira Knightley, Dominic West, Denise Gough
I Paris rundt hundreårsskiftet styrer Willy (West) den kulturelle eliten med ein skrivefabrikk der skribentane produserer vågale tekstar som passar den dristige, nye verda. Inn kjem den unge kona hans, Gabrielle (Knightley), og då han gjev henne ein sjanse til å skriva ned ungdomsminna sine, vekkjer han samstundes opp alter egoet hennar, Colette, eit namn ho framleis er vida kjend for. Og kvinna Colette er så mykje meir enn berre den landsens jenta Gabrielle.
Elegantisk
Å, Paris! Fin de Siècle! Du dekadente by! Stolte, vakre transar, frittgåande homofile par, høg sigarføring og låg bokføring – det høyrest ut som noko frå dagens heitaste sladrespalter. Og akkurat det gjer nok at tidspunktet for å laga Colette er perfekt. Eg kastar ein tanke i retning av serien Babylon Berlin, som veltar seg i overdådige Weimar-estetikk, for ikkje å seia Weimar-etikk og -moral. Og så sterke, eigenrådige kvinner i hovudrollene, som hovudpådrivar for handlinga – det er jo ein draum! Berre at Colette jo faktisk har eksistert! Så, av alle desse grunnane: Gå og sjå Colette. Dette må likevel ikkje tolkast som at eg var særleg begeistra for sjølve filmen, diverre.
Biografisk?
Det er noko med Keira Knightley, ho manglar eit eller anna vesentleg for å ta på seg ei tøff rolle som dette. Ho er nydeleg, men på ein så yndig måte at det er som tøymjuknarlukta siv ut av lerretet der ho svinsar rundt i den eine fancy kjolekreasjonen etter den andre. Ein skulle ikkje tru at dei levde relativt kummerleg og pengefattig, noko dei stadig klagar over at dei gjer. Colette er lite anna enn eit halvgodt, gamaldags kostymedrama, noko som fort gjer at filmen endar i meh-kategorien for min del.
På eit reint historisk plan likar eg å få vita meir om Colette, ein person eg har fått med meg eksisterte, utan at eg visste kor stor ho var i samtida. Om eg kan lita på denne filmen? Høgst sannsynlegvis ikkje, og det er grenser for kor mange klyper salt eg gidd ta når eg ser noko basert på ei sann historie.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Colette er lite anna enn eit halvgodt, gamaldags kostymedrama.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.