Minoritetsteater
Åarjelhsaemien Teatere:
Tiedtjie
Manus og regi: Ane Aass
Hovudrolle: Marja Lisa Thomasson
Dansar: Erlend Audestad Danielsen
Joikar: Charlotta Kappfjell
Perkusjonist: Tor Haugerud
Beiavváš er ikkje det einaste samiske teateret her i landet. I Mo i Rana held Åarjelhsaemien Teatere, eller Sørsamisk teater, til. Dei representerer eit språk som så få menneske snakkar at dei må spele på norsk. På Vinterlys viste dei den enkle oppsetjinga Tiedtjie (Mamma), om ei sørsamisk seksåring (Marja Lisa Thomasson) som på 1990-talet blir send på internatskule langt heimanfrå for å lære det foreldra ikkje fekk lære på skulen – samisk språk og kultur. Det blir sju tunge skuleår med sterk heimlengt, og den kulturelle indoktrineringa får motsett verknad: I dag talar jenta norsk. Det kan vera til ettertanke for nokon kvar.
Mikroteater
Det Norske Mikroteatret:
Blodig alvor
Dramatikar: Yasmina Reza
Omsetjar: Christine Amadou
Regissør: Peder Hamdahl Næss
Med Vanessa Borgli, Rudy Claes, Jonathan Espolin-Johnson og Jesper Malm
Ei ny teaterform har dukka opp her heime: mikroteater. Den oslobaserte gruppa Det Norske Mikroteatret har spesialisert seg på å finne scenestykke dei kan spele i private heimar. Til Mo kom dei med den moderne klassikaren Blodig alvor av Yasmina Reza. Stykket handlar om eit ektepar som oppsøkjer eit anna ektepar fordi son til det eine paret har slått son til det andre. No skal det ordnast opp i siviliserte former. I staden blir det krig på kniven.
For oss som sat benka i ei framand stove, var det ei oppleving å komme så tett innpå aktørane at vi kunne ha blanda oss inn i konflikten. Også for skodespelarane vil eg tru at det må ha vore spesielt å ha publikum på fanget, så å seie. Ei svært god framsyning.
Ei kvinne med begjær
Turnéteatret i Trøndelag:
Skam deg, Mayliss
Av Elsie Johannsson
Regi: Marika Lagercrantz
Scenografi og kostymedesign: Hans Petter Harboe
Med Liv Hege Nylund
Skodespelar Liv Hege Nylund har passert dei sytti og markerer det med ein tankevekkjande og godt framført monolog, Skam deg, Mayliss av Elsie Johannsson. Ho speler ei enkje som har vore i arbeid heile livet, men som var gift med ein langt eldre mann som ikkje kunne gi henne det ho ønskte seksuelt.
No har ho hatt ein handverkar i huset og opplevd ei så sterk erotisk oppvakning at ho «blei tend av verktykassa hans». Ho lengtar hysterisk etter ein mann å vere saman med. Ho har lyst å kontakte handverkaren, men synest det er pinleg, så då blir det denne sjølvplaginga og kampen mot skamkjensla …
Det unemnelege
Dokumentar:
Man er først og fremst menneske
Konsept, manus og regi: Aimée V. Kaspersen
Med Sindre J. Karlsholm, Emilie Mordal, Amalie Sofie Ibsen Jensen
Aimée Kaspersen har djupneintervjua tre personar som har vore utsette for overgrep i barne- og ungdomsåra. På grunnlag av det dei fortel, og samanstilt med ein del statistikk, andre fakta og utdrag frå skjønnlitterære tekstar, har ho laga dokumentarframsyninga Man er først og fremst menneske – et vitnesbyrd. Der er ikkje sjølve overgrepet hovudsaka, men dei ulike etterverknadene og korleis dei tre informantane sjølve stiller seg til dei vonde minna. Tre skodespelarar – to kvinner og ein mann – gir liv til personane. Nettopp fordi stykket ikkje går direkte på problematikken, blir verknaden desto sterkare.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?