Moskva, vi har eit problem
Den storslagne russiske romfartsfilmen har konve nsjonell appell.
Romfartsscenene er spektakulære, og spenninga innimellom intens.
Foto: Storytelling Media
DRAMA/THRILLER
Regi: Dmitrij Kiseljov
Spacewalker (Orig.tittel: Vremja pervykh)
Med: Jevgenij Mironov, Konstantin Khabenskij, Vladimir Iljin
I 1965 vart kosmonauten Aleksej Leonov (Mironov) første mann til å sveve i verdsrommet. Spacewalker skildrar den historiske reisa til villbassen Leonov og romfartskameraten Pavel Beljajev (Khabenskij) med pomp og prakt. På bakken står den stødige sjefen Sergej Koroljov (Iljin) i spissen for laget som skal styre dei to trygt heim. Alt går ikkje så greitt som sovjetisk fjernsyn fortel.
Nasjonssoge
Sjangerspesialisten Dmitirij Kiseljov skildrar sovjetisk historie på høgt nivå. Tevlinga med USA om prestisjetunge milepålar i kosmos var viktig for begge stormaktene i den kalde krigen. Denne russiske storfilmen kosta flesk og hadde premiere i høve kosmonautdagen. President Putin var nøgd med produktet. Som her til lands er nasjonale heltar populære på film. Sidan styresmaktene på sekstitalet sytte for å skjule alle skandalar, var dei mest dramatiske detaljane frå ferda lenge løynde.
Det får filmen fram. At ein avbryt ei historisk sending for å vise opptak av ballett frå Bolsjojteateret, er aldri eit godt teikn. Uroa for å hamne på kant med overordna skin òg gjennom. Klippen tar ein kunstpause då Koroljev kjem med ei symbollada setning: «Her i landet flyg vi med lenker rundt føtene frå vi er fødde, elles mistar vi kontrollen.» Rammene er strenge, lojaliteten tvillaus.
Hollywood, CCCP
Her er ingen filmatiske krumspring. Spacewalker er ei klassisk heltehistorie i Hollywood-format. Ingrediensane er som venta i eit kommersielt thrillerdrama om romfart. Til tider blir det kvalmande pompøst når blåsarane brakar laus oppå svulstige strykarar. Men når det er sagt, er handverket upåklageleg. Romfartsscenene er spektakulære, og spenninga innimellom intens. Dei tre sentrale skodespelarane står støtt med melodramatiske dragningar.
Verdien frå eit norsk perspektiv er at ein får ei anna forteljing enn dei vi kjenner frå USA, sjølv om Hidden Figures frå i fjor var vel så viktig. Viss Apollo 13 er favorittfilmen din, kan du godt gle deg, men ikkje forvent anna enn ein typisk storslagen spenningsfilm om russiske romfartsheltar.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Spacewalker er ei klassisk heltehistorie i Hollywood-format.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?