JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Mot det jordiske

Stein Torleif Bjella skriv melankolske og tragikomiske dikt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stein Torleif Bjella har lagt frå seg gitaren og skrive dikt.

Foto: Oktober Forlag

2393
20171110
2393
20171110

DIKT

Stein Torleif Bjella:

Jordsjukantologien nr. 1

Forlaget Oktober

Stein Torleif Bjella, som er ein kjend og prislønt musikar og visesongar, debuterer i haust med diktboka Jordsjukantologien nr 1. Alt tittelen gir signal om at det er litt skakt og ikkje heilt på stell i jordbruket, ein stad i Ål-traktene. Jordsjuka handlar ikkje berre om at jorda er vassjuk; like mykje står jordsjuka for hungeren etter å lure til seg meir land og eigedom frå vener, sysken eller folk som ligg på dødsleiet.

Lurvete røystegalleri

Når Bjella har kalla boka ein antologi, er det ikkje fordi tekstane er skrive av ulike forfattarar, men fordi boka er sett saman av eit lurvete røystegalleri frå folk som bur på denne staden. Eit dikt hos Bjella referere til Edar Lee Masters Spoon River Anthology frå 1906, ei bok som gjennom 212 gravskrifter skildrar eit heilt samfunn. Bak i boka til Bjella finn ein eit oversyn og ein karakteristikk av dei viktigaste personane i dikta, slik som Sevat Lars og Sverre, som «karar stadig til seg meire grunn».

Mottoet som står i byrjinga av boka, summerer godt opp kombinasjonen av melankoli og humor ein møter i dikta: «Det er berre to tragediar i livet:/ tap av kjæraste og jordskifte». Gjennom dikta vert ein kjend med ein ulikarta skokk med folk, med visse lastar. Mellom anna småleg misunning, gjerrigskap, gjøling og hemntankar. Folka skuler mistenksamt på kvarandre og på hyttefolket, og tuskar til seg fiskerettar, jord og skog. Her finst grunneigaren, ungkaren og skogsameigaren. Det er tida for ombrøyte, med regulering av jorda og skogen til nye hyttefelt, og utsikter til økonomisk vinst.

Vendepunkt

Dikta dyrkar det overraskande vendepunktet, der livet slår over frå suksess til tragedie og ungkarstilvære. Her finst både svart galle og lys humor. Ein må sjølvsagt ta dikta til Stein Torleif Bjella slik dei er, som enkle forteljande dikt som byd på ironiske folkelivsskildringar utan staffasje og fiksfakseri. Slik fungerer dikta godt. Her finst sjølvsagt nokre tekstar som gjennom linene ladar seg opp til eit klimaks og ei vending, som ikkje heilt tek nedslaget. Og kanskje synest nokon at dikta ber fram stereotypiar om norske utkantstrok, men det får så vere.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast lyrikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Her finst både svart galle og lys humor.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis