20 i stil og innhald
Albumet Noriaki er ein triumf for det nøkterne.
Albumet vart spelt inn i Hov kyrkje. Frå venstre Jon Balke, Endre Ruset og Stian Omenås.
Foto: Sven Andréen
Jazz / Samtidsmusikk
Endre Ruset, Stian Omenås og Jon Balke:
Noriaki
Endre Ruset, opplesing; Stian Omenås, trompet, perkusjon, shrutiboks, glasbollar, klokkespel, m.m.; Jon Balke, piano. Nye Nor
Den japanske skihopparen Noriaki Kasai har truleg ei mengd uslåelege rekordar. Han har flest OL-, verdsmeisterskaps- og verdscupdeltakingar. Han har rekord som eldste deltakar og medaljevinnar også. På dei i alt 640 startane blei det rett nok berre eitt meisterskapsgull, skiflyging i Harrachov i 1992, men Noriaki Kasai er ei plate verd.
Diktsamlinga Noriaki av Ruset kom på Flamme Forlag i 2017, og seinare har Ruset og Omenås laga ein konsertversjon. I november i fjor fekk dei to med seg Balke og spelte inn plata i Hov kyrkje.
Alle dei 142 haikuliknande dikta har med namnet Noriaki. Dei aller fleste er augneblinksbilete knytte til naturen og gjerne ei årstid, som det høver seg eit haikudikt. Ruset følgjer Kasai gjennom den 34 år lange karrieren: «første snøfall/ Noriaki va°kner/ himmelen blomstrer» (andre strofe) og diktsamlinga sluttar med «av alle gule blader/ som faller mot snøen/ er Noriaki det vakreste».
Ruset les nøkternt. Lyttaren går ikkje glipp av ei einaste verselinje. Trykk og pausar er brukte med varsemd, men er likevel fint integrerte i dei musikalske omgjevnadene til Omenås og Balke. Det kjem av den lyttande musiseringa. Det nøkterne i deklamasjonen til Ruset har sitt motsvar i minimalismen til Omenås og Balke.
Musikken er improvisert, og berre unntaksvis strekkjer han seg over eit lengre intervall, som i del 11, der Balke spelar eit impresjonistisk stykke med shrutiboksen til Omenås som underlag. Her blir rollane bytte, og Ruset koplar seg på. Det er sjeldan dikt og musikk smeltar saman med så stor innsikt som her.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.