JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Arkivet: 70 år sidan rockekongen platedebuterte

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Elvis Presley i 1972.

Elvis Presley i 1972.

Foto: ukjent / NTB

Elvis Presley i 1972.

Elvis Presley i 1972.

Foto: ukjent / NTB

1301
20240712
1301
20240712

I juni 1954 er Sam Phillips på Sun Records i Memphis i fyr og flamme over ein demo av balladen «Without You» med ein namnlaus svart songar frå Nashville. Han var ikkje å oppdrive, men kva med å få tak i han med kinnskjegget? Kompanjongen Marion Keisker hadde året før fått gåsehud av plata som attenåringen Elvis Presley spelte inn som gåve til mora. Marion hadde telefonnummeret hans.

Phillips, som hadde stor suksess med svarte artistar, leita etter ein kvit mann som kombinerte R&B, pop og country. Marion fekk så vidt lagt på røret før Elvis var i studio, og sjølv om han ikkje fekk til søtleiken frå demoen, fekk han studiotid 5. juli 1954 saman med Scotty Moore på elgitar og Bill Black på kontrabass. Elvis på rytmegitar. Ingen trommer.

I ein pause tok Elvis til å improvisere ein uptempo-versjon av «That’s All Right, Mama», utgitt på singel i 1947 av bluesmannen Big Boy Crudup. 19. juli 1954 kom Elvis-plata ut med «That’s All Right» kreditert Arthur Crudup. Han blei stjerne over natta i Memphis, og Elvis var på veg til å bli King of Rock And Roll.

I 2017 blei det kjent at Jimmy Sweeney (død 1992) var songaren på «Without You». Han song Elvis før Elvis song Elvis.

Øyvind Pharo

Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I juni 1954 er Sam Phillips på Sun Records i Memphis i fyr og flamme over ein demo av balladen «Without You» med ein namnlaus svart songar frå Nashville. Han var ikkje å oppdrive, men kva med å få tak i han med kinnskjegget? Kompanjongen Marion Keisker hadde året før fått gåsehud av plata som attenåringen Elvis Presley spelte inn som gåve til mora. Marion hadde telefonnummeret hans.

Phillips, som hadde stor suksess med svarte artistar, leita etter ein kvit mann som kombinerte R&B, pop og country. Marion fekk så vidt lagt på røret før Elvis var i studio, og sjølv om han ikkje fekk til søtleiken frå demoen, fekk han studiotid 5. juli 1954 saman med Scotty Moore på elgitar og Bill Black på kontrabass. Elvis på rytmegitar. Ingen trommer.

I ein pause tok Elvis til å improvisere ein uptempo-versjon av «That’s All Right, Mama», utgitt på singel i 1947 av bluesmannen Big Boy Crudup. 19. juli 1954 kom Elvis-plata ut med «That’s All Right» kreditert Arthur Crudup. Han blei stjerne over natta i Memphis, og Elvis var på veg til å bli King of Rock And Roll.

I 2017 blei det kjent at Jimmy Sweeney (død 1992) var songaren på «Without You». Han song Elvis før Elvis song Elvis.

Øyvind Pharo

Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis