Arkivet: Balladen om Solomon Linda og «Mbube»
Solomon Linda & The Evening Birds.
Foto via Wikipedia
Paul Simon får berre ros for den ferske plata Seven Psalms. Slik gjekk det ikkje då han spelte inn Graceland i Sør-Afrika under kulturboikotten av apartheidstaten. Han var blitt hekta på sørafrikansk vokalmusikk med påfallande likskap med den afroamerikanske doowop-stilen han sjølv voks opp med: fleirstemde arrangement med bassongar som markerte rytmen, og frontvokalisten som song falsett.
A capella-gruppa Ladysmith Black Mambazo fekk eit internasjonalt gjennombrot med Graceland. Dei hadde sunge i den lokale mbube-stilen oppkalla etter songen «Mbube» som i 1939 blei spelt inn i Johannesburg av Solomon Linda & The Evening Birds. Linda selde rettane til plateselskapet Gallo for tilsvarande to britiske pund etter dagens kurs. Ti år etter hadde plata selt i 100.000 eksemplar. Pete Seeger og The Weavers tydde zulurefrenget uyimbube («du er ein løve») som wimoweh, og dette blei tittelen på hitversjonen i USA. I 1961 fekk han engelsk tekst og tittel. «The Lion Sleeps Tonight» gjekk heilt til topps på Billboard.
Tallause har spelt inn songen, men då Walt Disney Company brukte han både i The Lion King-filmen og musikalversjonen utan royalty til etterkomarane, gjekk dei til sak, og gamal urett blei omgjord. Netflix-dokumentarfilmen The Lion’s Share frå 2019 fortel historia.
Øyvind Pharo
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Paul Simon får berre ros for den ferske plata Seven Psalms. Slik gjekk det ikkje då han spelte inn Graceland i Sør-Afrika under kulturboikotten av apartheidstaten. Han var blitt hekta på sørafrikansk vokalmusikk med påfallande likskap med den afroamerikanske doowop-stilen han sjølv voks opp med: fleirstemde arrangement med bassongar som markerte rytmen, og frontvokalisten som song falsett.
A capella-gruppa Ladysmith Black Mambazo fekk eit internasjonalt gjennombrot med Graceland. Dei hadde sunge i den lokale mbube-stilen oppkalla etter songen «Mbube» som i 1939 blei spelt inn i Johannesburg av Solomon Linda & The Evening Birds. Linda selde rettane til plateselskapet Gallo for tilsvarande to britiske pund etter dagens kurs. Ti år etter hadde plata selt i 100.000 eksemplar. Pete Seeger og The Weavers tydde zulurefrenget uyimbube («du er ein løve») som wimoweh, og dette blei tittelen på hitversjonen i USA. I 1961 fekk han engelsk tekst og tittel. «The Lion Sleeps Tonight» gjekk heilt til topps på Billboard.
Tallause har spelt inn songen, men då Walt Disney Company brukte han både i The Lion King-filmen og musikalversjonen utan royalty til etterkomarane, gjekk dei til sak, og gamal urett blei omgjord. Netflix-dokumentarfilmen The Lion’s Share frå 2019 fortel historia.
Øyvind Pharo
Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.