Arkivet: Dei tusen dansars land
50-årsjubileet for twist blei feira med denne plata i 2009.
Av alle dansefarsottar som har råka den vestlege verda, har ingen hatt større verknad enn twist. Pardansen forsvann, og unge svikta både danseskulen, vals og swing. Gutar droppa frisøren, for dei ville ha luggen som John Lennon rista på når han song «Twist and Shout».
For seksti år sidan no i april hadde The Beatles dei fem første plassane på Hot 100 i USA, med twistlåten som nummer to. Hysteriet som starta fem år tidlegare, med Hank Ballards «The Twist» og coverversjonen til Chubby Checker, gleid inn i Beatles-hysteriet.
Dansarane i TV-program som American Bandstand lanserte stadig nye variantar. Rhythm & blues-klassikaren «Land of Thousand Dances» med New Orleans-songaren Chris Kenner ramsar opp rundt tjue av dei.
Med gospelbakgrunn brukte han lovsongen «Children, Go Where I Send Thee» som mal og forkynte med uklanderlege rimmønster:
Got to know how to Pony
like Bony Moronie
The Mashed potatoes
Do the Alligator
Then you do The Fly
With a Hand Jive
Dei tusen dansane inspirerte innspelingar frå Ola & The Janglers og Tom Jones til Wilson Picketts monumentale versjon med: «Do you know how to twist/ It goes like this /Get down on your knees»… Har du sjekka hofterørslene dine i det siste?
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Av alle dansefarsottar som har råka den vestlege verda, har ingen hatt større verknad enn twist. Pardansen forsvann, og unge svikta både danseskulen, vals og swing. Gutar droppa frisøren, for dei ville ha luggen som John Lennon rista på når han song «Twist and Shout».
For seksti år sidan no i april hadde The Beatles dei fem første plassane på Hot 100 i USA, med twistlåten som nummer to. Hysteriet som starta fem år tidlegare, med Hank Ballards «The Twist» og coverversjonen til Chubby Checker, gleid inn i Beatles-hysteriet.
Dansarane i TV-program som American Bandstand lanserte stadig nye variantar. Rhythm & blues-klassikaren «Land of Thousand Dances» med New Orleans-songaren Chris Kenner ramsar opp rundt tjue av dei.
Med gospelbakgrunn brukte han lovsongen «Children, Go Where I Send Thee» som mal og forkynte med uklanderlege rimmønster:
Got to know how to Pony
like Bony Moronie
The Mashed potatoes
Do the Alligator
Then you do The Fly
With a Hand Jive
Dei tusen dansane inspirerte innspelingar frå Ola & The Janglers og Tom Jones til Wilson Picketts monumentale versjon med: «Do you know how to twist/ It goes like this /Get down on your knees»… Har du sjekka hofterørslene dine i det siste?
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.