Arkivet: Ei gryte for Ikettes og Frank Zappa
Frank Zappa og Mothers of Invention på scenen under Kalvøyafestivalen 26. august 1973. Fiolinist Jean-Luc Ponty til venstre.
Foto: NTB / NTB
Dei 20.000 som kom på Kalvøyafestivalen i 1973, var ei mangedobling av tidlegare tal. Skupet var Frank Zappa, men Popol Vuh – seinare Popol Ace – med Jahn Teigen og fersk spellemannpris, trekte også fans. I tillegg fekk bandet tilbod av Zappa om å bli utgitt på plateselskapet hans. Han blei imponert. Planane stranda, men møtet mellom han og Popol Vuh er norsk rockhistorie.
I 1973 var Zappa på det hottaste. Den anarkistiske satiren og den krevjande avantgardemusikalske forma var erstatta av eit strammare uttrykk som trefte det veksande publikumet for jazzrock, prog og fusion. På scena skein stjerner som George Duke på keyboards og Jean-Luc Ponty på elektrisk fiolin saman med Zappas gitarartisteri.
Eit par veker etter Kalvøya sleppte han bestseljaren Over-Nite Sensation – LP-en som var stinn av tvilsam sexhumor. Zappa kontra påstandar om sexisme med at han utleverte stupid machomentalitet.
Tina Turner, som visste eitt og anna om macho, var i studio då korjentene hennar song på plata. Ike Turner kravde at Ikettes ikkje måtte få over timesatsen hans på 25 dollar. Til gjengjeld fekk dei utfalde seg meir musikalsk enn dei var vande med. Tina song ikkje med Ikettes på lata, men blei så begeistra at ho lagde ei gryte som ho serverte i studio.
Øyvind Pharo
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Dei 20.000 som kom på Kalvøyafestivalen i 1973, var ei mangedobling av tidlegare tal. Skupet var Frank Zappa, men Popol Vuh – seinare Popol Ace – med Jahn Teigen og fersk spellemannpris, trekte også fans. I tillegg fekk bandet tilbod av Zappa om å bli utgitt på plateselskapet hans. Han blei imponert. Planane stranda, men møtet mellom han og Popol Vuh er norsk rockhistorie.
I 1973 var Zappa på det hottaste. Den anarkistiske satiren og den krevjande avantgardemusikalske forma var erstatta av eit strammare uttrykk som trefte det veksande publikumet for jazzrock, prog og fusion. På scena skein stjerner som George Duke på keyboards og Jean-Luc Ponty på elektrisk fiolin saman med Zappas gitarartisteri.
Eit par veker etter Kalvøya sleppte han bestseljaren Over-Nite Sensation – LP-en som var stinn av tvilsam sexhumor. Zappa kontra påstandar om sexisme med at han utleverte stupid machomentalitet.
Tina Turner, som visste eitt og anna om macho, var i studio då korjentene hennar song på plata. Ike Turner kravde at Ikettes ikkje måtte få over timesatsen hans på 25 dollar. Til gjengjeld fekk dei utfalde seg meir musikalsk enn dei var vande med. Tina song ikkje med Ikettes på lata, men blei så begeistra at ho lagde ei gryte som ho serverte i studio.
Øyvind Pharo
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.