Arkivet: «Er det langt til Arendal frå Notodden?»
David Johansen frontar New York Dolls, som einaste gjenverande originalmedlem saman med Sylvain Sylvain (bak t.h. med hovudtørkle).
Foto: Gitte Johannessen/NTB
Spørsmålet gjekk til Tom Skjeklesæther, som skulle intervjue punkpioneren med det norske namnet David Johansen. Han og Syl Sylvain var dei einaste som var i live av originalbesetninga då gjenforeinte New York Dolls kom eins ærend til Europa i 2005 for å spele på Notodden Bluesfestival. Johansen visste at faren var frå Arendal.
Den sjangerhoppande Johansen opptredde også med den mytiske bluesgitaristen Hubert Sumlin på Notodden. Kanskje stilskifta mellom glam, punk, salongløva Buster Poindexter og deltabluesartisten med The Harry Smiths var inspirert av farens tid som operasongar?
Om Johansen kom til Arendal, veit kanskje festivalen, som blir kalla den største bluesopplevinga i Europa og denne helga feirar 35-årsjubileum. I år får dei internasjonale stjernene selskap av mange store norske bluesutøvarar.
David Johansen-dokumentarfilmen Personality Crisis: One Night Only, regissert av Martin Scorsese, er no tilgjengeleg på DVD og som strøyming. Han er bygd opp rundt ein konsert på Café Carlyle i New York City i januar 2020, der Johansen i Doug Poindexter-persona framfører songar frå heile karrieren. Konsertopptaket vekslar med årgangsopptak frå karrieren og intervju laga for filmen. Kanskje får vi vite om Johansen kom til Arendal i 2005?
Øyvind Pharo
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Spørsmålet gjekk til Tom Skjeklesæther, som skulle intervjue punkpioneren med det norske namnet David Johansen. Han og Syl Sylvain var dei einaste som var i live av originalbesetninga då gjenforeinte New York Dolls kom eins ærend til Europa i 2005 for å spele på Notodden Bluesfestival. Johansen visste at faren var frå Arendal.
Den sjangerhoppande Johansen opptredde også med den mytiske bluesgitaristen Hubert Sumlin på Notodden. Kanskje stilskifta mellom glam, punk, salongløva Buster Poindexter og deltabluesartisten med The Harry Smiths var inspirert av farens tid som operasongar?
Om Johansen kom til Arendal, veit kanskje festivalen, som blir kalla den største bluesopplevinga i Europa og denne helga feirar 35-årsjubileum. I år får dei internasjonale stjernene selskap av mange store norske bluesutøvarar.
David Johansen-dokumentarfilmen Personality Crisis: One Night Only, regissert av Martin Scorsese, er no tilgjengeleg på DVD og som strøyming. Han er bygd opp rundt ein konsert på Café Carlyle i New York City i januar 2020, der Johansen i Doug Poindexter-persona framfører songar frå heile karrieren. Konsertopptaket vekslar med årgangsopptak frå karrieren og intervju laga for filmen. Kanskje får vi vite om Johansen kom til Arendal i 2005?
Øyvind Pharo
Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.