Arkivet: Slitesterk girl power-pop
«Arkivet har merka seg at då Taylor Swift spelte i Stockholm, opna ho showet med feministsongen 'You Don’t Own Me'.»
Songar og låtskrivar Lesley Gore øver ved pianoet i New York.
Foto: Dan Grossi / AP / NTB
Arkivet har merka seg at då Taylor Swift spelte i Stockholm, opna ho showet med feministsongen «You Don’t Own Me» i originalversjonen til Lesley Gore over anlegget. Gore var berre sytten år då ho song han i studio i 1963 med Quincy Jones som produsent. Plata nådde andreplassen på Hot 100 i USA i 1964, berre slått av The Beatles, og fekk enorm innverknad i ettertid.
Teksta hadde Gore fått frå låtskrivarteamet Johnny Madora og David White. I programserien American Anthems på National Public Radio i 2019 fortel Madora om korleis han og makkaren White fekk ein støkk av alle tekstene for kvinnelege songarar som handla om å vente på kjærasten. Dei skreiv ein song om ei jente som kravde respekt, eit frampeik om det Aretha Franklin skulle utløyse ved å kople kvinnefrigjering og borgarrettar.
Madora og White stod bak den sorglause «At the Hop», men hadde sett nok urett i sitt multietniske nabolag i Philadelphia til å skrive «You Don’t Own Me». Gore som gjorde songen udøyeleg, døydde sjølv i 2015. Året etter blei songen innlemma i Grammy Hall of Fame, samstundes med at tenåringen SayGrace song han til topps i Australia med ei nyinnspeling saman med rapparen G-Eazy, produsert av same Quincy Jones som over femti år tidlegare.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Arkivet har merka seg at då Taylor Swift spelte i Stockholm, opna ho showet med feministsongen «You Don’t Own Me» i originalversjonen til Lesley Gore over anlegget. Gore var berre sytten år då ho song han i studio i 1963 med Quincy Jones som produsent. Plata nådde andreplassen på Hot 100 i USA i 1964, berre slått av The Beatles, og fekk enorm innverknad i ettertid.
Teksta hadde Gore fått frå låtskrivarteamet Johnny Madora og David White. I programserien American Anthems på National Public Radio i 2019 fortel Madora om korleis han og makkaren White fekk ein støkk av alle tekstene for kvinnelege songarar som handla om å vente på kjærasten. Dei skreiv ein song om ei jente som kravde respekt, eit frampeik om det Aretha Franklin skulle utløyse ved å kople kvinnefrigjering og borgarrettar.
Madora og White stod bak den sorglause «At the Hop», men hadde sett nok urett i sitt multietniske nabolag i Philadelphia til å skrive «You Don’t Own Me». Gore som gjorde songen udøyeleg, døydde sjølv i 2015. Året etter blei songen innlemma i Grammy Hall of Fame, samstundes med at tenåringen SayGrace song han til topps i Australia med ei nyinnspeling saman med rapparen G-Eazy, produsert av same Quincy Jones som over femti år tidlegare.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.