Arkivet: Steve og Jerry
Jerry Jeff Walker.
Foto: Jack Plunkett / AP / NTB
Eg kom til å høyre Kinky Friedman (f. 1944) snakke så fint om Jerry Jeff Walker (1942–2020) i eit gammalt opptak for litt sidan, og det fekk meg til å tenkje at eg burde nemne plata Steve Earle og The Dukes gav ut til minne om Walker, Jerry Jeff, no i vår.
Målet med albumet – som kjem etter at Earle dei siste åra har laga fleire utgivingar til minne om låtskrivarar som Townes Van Zandt (1944–1997), Guy Clark (1941–2016) og sin eigen son Justin Townes Earle (1982–2020) ved å tolke songane deira – er nok å vise at Walker laga så mykje meir enn songen mange vil hugse han for, «Mr. Bojangles» (tittelsporet på tredjeplata som kom i 1968, og som også er med her).
På Jerry Jeff møter du ikkje minst den kontemplative Jerry Jeff Walker, som i versjonar av «Little Bird» (på Mr. Bojangles) og «Wheel» (opphavleg på Viva Terlingua, 1973). Trubaduren gjorde seg først gjeldande i Greenwich Village i New York, før han forflytta seg til Austin, og ein kan høyre forankringa i både folk og country når ein lyttar til Earle og bandet.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Eg kom til å høyre Kinky Friedman (f. 1944) snakke så fint om Jerry Jeff Walker (1942–2020) i eit gammalt opptak for litt sidan, og det fekk meg til å tenkje at eg burde nemne plata Steve Earle og The Dukes gav ut til minne om Walker, Jerry Jeff, no i vår.
Målet med albumet – som kjem etter at Earle dei siste åra har laga fleire utgivingar til minne om låtskrivarar som Townes Van Zandt (1944–1997), Guy Clark (1941–2016) og sin eigen son Justin Townes Earle (1982–2020) ved å tolke songane deira – er nok å vise at Walker laga så mykje meir enn songen mange vil hugse han for, «Mr. Bojangles» (tittelsporet på tredjeplata som kom i 1968, og som også er med her).
På Jerry Jeff møter du ikkje minst den kontemplative Jerry Jeff Walker, som i versjonar av «Little Bird» (på Mr. Bojangles) og «Wheel» (opphavleg på Viva Terlingua, 1973). Trubaduren gjorde seg først gjeldande i Greenwich Village i New York, før han forflytta seg til Austin, og ein kan høyre forankringa i både folk og country når ein lyttar til Earle og bandet.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.