Søraust for Memphis ligg byen Florence. Der skipa hillbillymusikaren Rick Hall musikkforlaget Florence Alabama Music Enterprise, kjent som Fame. Der spelte dei inn «You Better Move On» med Arthur Alexander, ein svart låtskrivar og songar. Studiomusikarane var alle saman kvite. Blandinga av gospel og honky tonk var pur countrysoul og blei den første nasjonale amerikanske hiten innspelt i Alabama.
Med inntektene frå plata bygde Hall eit state of the art-studio i Muscle Shoals. Den første plata derifrå var Steal Away med Jimmy Hughes. Med høg tenor og naturleg falsett song han ei lidenskapeleg vedkjenning av utru kjærleik. Den var basert på gospelsongen «Steal Away to Jesus», skriven under borgarkrigen med koda bodskap om opprør.
Plata var vanskeleg å selje til andre selskap, så Rick Hall pressa opp eit par tusen eksemplar på sin eigen Fame-etikett og lasta dei inn i stasjonsvogna si saman med to kasser vodka berekna på radio-DJ-ar og distributørar over heile sørstatane.
Slik blei låta ein stor hit og den første utgitt på Fame-selskapet. Etter ei stund kom dei store soulstjernene for å spele inn gyllen soul i studioet i Muscle Shoals: Clarence Carter, Aretha Franklin, Etta James, Wilson Pickett.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.