Arkivet: Vietnam og halloween
Eit oljemåleri av Karl Wirsum (1939‒2021) blei omslag til eit album av Screamin’ Jay Hawkins i 1970. God halloween!
Foto: The Art Institute of Chicago
Eit segment av dei som framleis kjøper musikk på LP eller CD, kan ikkje få nok kuraterte tematiske nyutgjevingsantologiar på plateselskap som Soul Jazz, Rhino, Ace, Light In the Attic og Bear Family.
Sistnemnde verksemd med tilhald i ein småby nord for Bremen stod for ei uslåeleg bragd i sjangeren då dei i 2018 gav ut den prislønte 13 x CD-boksen Next Stop Is Vietnam. The War On Record 1961–2008. 300 songar dokumenterer den traumatiske amerikanske erfaringa av krigen i Asia og krigen heime. Det heile sett saman av musikologen Hugo A. Keesing, komplett med ei rikt illustrert hardcoverbok i LP-format som over 304 sider kommenterer kvar einaste song.
Amerikanarane tapte i Vietnam, men dei lukkast med å spreie halloween. Bear Family har i mange år også hatt den musikalske undersjangeren Monster/Horror/Halloween i katalogen. Korleis blei dette ein del av rocken? Då TV invaderte dei amerikanske forstadene og mor og far blei sitjande heime, satsa filmindustrien på drive-in-kino og kjipe horror-b-filmar for dei unge. Slik blei Dracula, Frankenstein og zombiar til referansar i ungdomskulturen. Det var berre å hive seg på. «I Put A Spell On You», song Screamin’ Jay Hawkins og blei kongen av sjokk’n’roll.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Eit segment av dei som framleis kjøper musikk på LP eller CD, kan ikkje få nok kuraterte tematiske nyutgjevingsantologiar på plateselskap som Soul Jazz, Rhino, Ace, Light In the Attic og Bear Family.
Sistnemnde verksemd med tilhald i ein småby nord for Bremen stod for ei uslåeleg bragd i sjangeren då dei i 2018 gav ut den prislønte 13 x CD-boksen Next Stop Is Vietnam. The War On Record 1961–2008. 300 songar dokumenterer den traumatiske amerikanske erfaringa av krigen i Asia og krigen heime. Det heile sett saman av musikologen Hugo A. Keesing, komplett med ei rikt illustrert hardcoverbok i LP-format som over 304 sider kommenterer kvar einaste song.
Amerikanarane tapte i Vietnam, men dei lukkast med å spreie halloween. Bear Family har i mange år også hatt den musikalske undersjangeren Monster/Horror/Halloween i katalogen. Korleis blei dette ein del av rocken? Då TV invaderte dei amerikanske forstadene og mor og far blei sitjande heime, satsa filmindustrien på drive-in-kino og kjipe horror-b-filmar for dei unge. Slik blei Dracula, Frankenstein og zombiar til referansar i ungdomskulturen. Det var berre å hive seg på. «I Put A Spell On You», song Screamin’ Jay Hawkins og blei kongen av sjokk’n’roll.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Endre Ruset er poet og tidlegare kunstnarisk leiar ved Norsk litteraturfestival.
Foto: Heidi Furre
«Dikta til Endre Ruset er ridde av tap og sorg, og med hesten som sentralt motiv.»
Dette er ein bar, men er det ein sjokoladebar til laurdagskvelden eller ein proteinbar til treningsøkta?
Foto via Wikimedia Commons
«Det er høgt trykk på proteinbarfronten for tida.»
Teikning: May Linn Clement
«Det er ikkje for inkje me seier at noko 'dampar av erotikk' eller er 'dampande heitt'.»
Nye rekruttar til 24. mekaniserte brigade i dei ukrainske styrkane driv taktisk øving i Donetsk 14. oktober.
Foto: Ukrainsk forsvar
Ein ukrainsk-nordkoreansk krig på russisk territorium. Ingen forfattar av dystopisk fiksjon kunne ha klekt ut eit slikt scenario, skriv Andrej Kurkov.
Reinsdyr kan fint serverast utan purear, men med reine smakar. Her med brekkbønner, eg brukte grøne erter.
Foto via Wikimedia Commons