JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Attskapt

Korleis ein kan rekonstruera kantatar ein ikkje har notane til?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fragment av J.S. Bachs handskrivne partitur til den fyrste kantaten på albumet.

2862
20240927
2862
20240927

CD

Johann Sebastian Bach:

Friede auf Erden

Vocalensemble Rastatt; Les Favorites; dir.: Holger Speck. Carus 2024

Fragmentarisk overleverte verk spelar ei viktig rolle i kunsthistoria og skaper ofte ein eigen mystikk. Slike er enten ikkje fullførte, eller dei er ufullstendig overleverte. Skulpturar av den fyrste typen er Michelangelos fire «Slavar» frå 1530-åra, som skulle pryda pave Julius IIs grav og no står utstilte i Galleria dell’Accademia i Firenze. Av den andre typen kan den såkalla Belvedere-torsoen i Vatikanmusea nemnast, eit gresk verk frå fyrste hundreår f.Kr., som trass i at det manglar hovud, armar og bein, gjorde stort inntrykk på mellom andre Rubens.

Også i musikken har det ufullførte ei eiga tiltrekkingskraft. Men ulikt i den bildande kunsten lyt desse på ein eller annan måte fullførast for å kunna nytast. Mest kjend er vel Mozarts myteomspunne Requiem, som blei til på dødslega og måtte skrivast ferdig av ein elev.

Teksthefte

Med dei tre kyrkjekantatane på plata Friede auf Erden er det annleis. Johann Sebastian Bach (1685–1750) fullførte dei, men notane er enten komne heilt bort eller er berre fragmentarisk overleverte. Korleis kan ein så rekonstruera musikk ein ikkje har notar til?

Songteksten spelar her ei viktig rolle, for kantatetekstane blei gjerne prenta i små hefte som kyrkjegjengarane fekk utdelte, og har me desse daterte hefta, så veit me kva kantate som blei framført. Sidan Bach ofte omarbeidde kantatar ved å setja ny tekst til gamal musikk, kan ein undersøkja om den overleverte teksten høver til musikken i eksisterande kantatar.

Belvedere-torsoen av Rubens.

Belvedere-torsoen av Rubens.

Foto: Jean-Pol Grandmont / Louvre

Virtuost

Dette gjeld til dømes brorparten av Alles, was von Gott geboren, BWV 10.1, ein tapt kantate me har teksten til, og som Bach seinare omarbeidde til ein reformasjonsfestkantate bygd på salmen «Vår Gud han er så fast ei borg».

Det har ikkje vore mogleg å attskapa den store korsatsen som må ha opna verket. Difor byrjar det her rett på ein virtuos bassarie (spor 8), der endelause tonerekkjer på ordet alles (alt) blir eldfullt framførte av Sebastian Noack. Også sopranen Miriam Feuersinger presterer godt i arien «Komm in mein Herzenshaus» (spor 10), med konsis og vibratofattig klang, men stundom noko veik diksjon.

Suverent framført blir også den majestetiske opningssatsen til det fyrste verket på albumet, julekantaten Ehre sei gott in der Höhe, BWV 197.1. Somme vil dra kjensel på denne korsatsen. Bach omarbeidde han nemleg seinare i si Messe i h-moll – kort og godt ved å omsetja tysken til latin, til «Gloria in Excelsis Deo», altså «Ære vere Gud i det høgste».

Andre spor på plata er rekonstruerte ved hjelp av små papirfragment eller einskildsider av partitur – på imponerande vis.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis