Barbarisk venleik
Les Musiciens de Saint-Julien spelar Telemann ekstra polsk.
Det franske barokkorkesteret Les Musiciens de Saint-Julien.
Foto: Jean-Baptiste Millot
CD
Georg Philipp Telemann:
Beauté barbare
Les Musiciens de Saint-Julien; fløyte og leiing: François Lazarevitch. Alpha 2023
Tradisjonelt finst der vel to grunnleggjande måtar å tilnærma seg folkemusikken på for ein klassisk komponist. Ein kan enten skriva verk som er stilistisk inspirerte av folkemelodiar, slik Edvard Grieg gjorde det i den springaraktige sistesatsen i klaverkonserten sin. Eller ein kan ta utgangspunkt i (meir eller mindre) nøyaktige transkripsjonar av genuin folkemusikk, slik Grieg fekk det så godt til i Slåtter, op. 72, der han laga klavermusikk av hardingfeleslåttane til meisterspelemannen Knut Johannesen Dale.
Frankofil greve
Georg Philipp Telemann (1681–1767) soknar hovudsakleg til den fyrstnemnde kategorien tonekunstnarar. Han var utan tvil den tyske barokkomponisten som lét seg inspirera mest av folkemusikk, særleg den polske. I ein av sjølvbiografiane skriv han om tida som hoffkapellmeister i Sorau i Schlesien (dagens Zary i Polen) kring 1705:
Greven hadde vore i Frankrike og blitt frankofil, og hoffmusikken skulle difor vera i fransk stil. Den musikalske kameleonen Telemann leverte – som alltid – det herren bad om, særleg i form av franske orkestersuitar, som han laga hundrevis av. Men det som prega han mest i Sorau, var oppdaginga av «den sanne barbariske venleiken til den polske og hanakiske musikken». I orkestersuitane finn me – etter den obligatoriske franske ouverturen – satsnamn som «Moskovittane» og «Janitsjarane».
Serbisk trefløyte
Det er denne «barbariske venleiken» som har gjeve tittel til det franske orkesteret Les Musiciens de Saint-Juliens nye album Beauté barbare. Den fløytespelande ensembleleiaren François Lazarevitch gjev oss Telemanns polskinspirerte kunstmusikk – her spelt på ekstra polsk vis – blanda med «ekte» austeuropeisk folkemusikk frå byrjinga av 1700-talet. I tillegg til klassiske instrument høyrer me også sekkepipe og cimbalom, eit flatt strengeinstrument som blir slått på med små klubber, og ei serbisk trefløyte traktert av Lazarevitch sjølv.
Plata er ikkje noko for tidlegmusikkpuristar. Men ho er artig å lytta til (med unntak av spora som læt påteke jazzprega; dette blir éin stilingrediens for mykje). Særleg likar eg «oppsprita» suitesatsar som «Les janissaires», der trommer og cymbal går amok, og «Rondo Hanaquoise», der den serbiske trefløyta skapar eit fyrverkeri av lynsnare ornament.
Lazarevitch er elles open om at målet hans med innspelinga ikkje er å rekonstruera den faktiske musikken som Telemann lét seg inspirera av i polske kneiper og vertshus i 1705 – den komponisten meinte «på åtte dagar kunne forsyna ein merksam lyttar med nok musikalske påhitt for eit heilt liv».
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.