Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Blod og ætt

Strauss’ krassaste opera, Elektra, er ei kolossal tonesetjing av vald i nære relasjonar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Svenske Iréne Theorin song hovudrolla Elektra i Grieghallen i Bergen.

Foto: Tarjei Hummelsund

2951
20231215
2951
20231215

Konsert

Richard Strauss:

Elektra

Iréne Theorin, sopran; m.fl.; Bergen Filharmoniske Orkester; dir.: Edward Gardner.
Grieghallen, onsdag 13. desember

Hovudsensasjonen fall i fisk. Berlinfilharmoniens sjefdirigent Kirill Petrenko skulle for fyrste gong dirigera Bergen Filharmoniske Orkester (BFO), men måtte kasta inn handkledet på grunn av sjukdom. BFOs sjefdirigent Edward Gardner steppa inn i siste liten – og sikra haustens konserthøgdepunkt i Bergen med ei sjeldsynt god framføring av Richard Strauss’ (1864–1949) Elektra.

Operaen blei urframført i 1909. Librettoen er av den austerrikske forfattaren Hugo von Hofmannsthal (1874–1929), som baserer seg på dramaet med same namn av Sofokles. Diktaren tolkar her den greske tragedien i tidas ånd, under påverknad av filosofien til Nietzsche og psykologien til Freud.

Når det gjeld tonesetjinga, er dette Strauss på sitt krassaste. Han blir rekna som seinromantikar, men i denne operaen manglar dei smeikjande melodiane. Musikken er modernistisk, ja, ekspresjonistisk, med kakofone harmoniar og klangblokker harde som granitt. Orkestermannskapet er kolossalt, med over 110 instrumentalistar.

Blodfest

Som tilfellet er i mange greske tragediar, handlar også Elektra om vald i nære relasjonar. Me er ved hoffet i Mykene, der kong Agamemnon, nett heimkomen frå trojanarkrigen, er blitt øksa i hel i badekaret. Kona hans, dronning Klytaimnestra, og elskaren hennar, Aigistos, står bak, og kongsdottera Elektra sver hemn. Den skal vera gruvsam, for mordarane og hjelparane deira skal slaktast over kongsgrava. Grava skal badast i blod, og på den vil Elektra dansa ein ekstatisk dans. Den morbide rettferda skjer fyllest – og i sluttscenen segnar ho død om i blodfesten.

Solid sopran

Produksjonen var konsertant, altså utan skodespel og kulissar, men ikkje mindre skakande av den grunn. Sopranen Iréne Theorin klarte i hovudrolla som Elektra å fylla heile salen med klang, nokre gonger kjenslevart, andre gonger ekstatisk, og – der det høvde – med uhyggjeleg frostalt uttrykk. Dette var godt gjort, for akustikken i Grieghallen er krevjande for vokalistar.

Amerikanske Jennifer Holloway (sopran, Elektras syster Krysotemis) klarte seg òg bra, medan tyske Tanja Ariane Baumgartner (mezzosopran, mora Klytaimnestra) lét noko svakare. Somme av birollesongarane nådde ikkje skikkeleg ut, og generelt var det alltid vanskeleg å oppfatta teksten, sjølv frå salens beste sete. Handlinga måtte me difor lesa på skjermen over scena, som synte ei god norsk omsetjing.

Men for orkester er Grieghallen veleigna. Sjeldan har Bergen Filharmoniske Orkester spelt så suverent, med klangleg klåre og rytmisk presise messingblåsarar, og strykarar som framførte Elektras makabre dansefantasiar med iskald entusiasme.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis